Meiningar:
Det var ein gong i 2017 ei fyrstegongsmor som skulle levere eittåringen sin i barnehagen. Og kor eventyrleg skulle ikkje det bli.
Det var som å koma inn på ein ukjend våg som eg ikkje visste um. Kjelder spring, landskapet opna seg, og der låg Kinsarvik barnehage. Glitrande i all sin nye og velutstyrte prakt. 20 år med regulering, rekning, masing og krangling var endeleg slutt og jammen var ho eit praktfullt syn. Herlegheit så flaks for meg og ungen min, å koma til duk og dekka bord på denne måten. Romsleg, med tre avskjerma avdelingar, store uteareal, vognskur og eige personalområde. Og i stil til dette, eit langtrekkande tett samarbeid med politikarar i heradet om korleis ein best kunne rusta framtidas innbyggjarar til å bli gode, trygge og velfungerande i vår vesle krok i kongeriket. Betre tidleg innsats var godt implementert med pedagogoppfølging, dessutan spesialpedagog der det trongst. Driftsbudsjetta var koordinerte med kor mange fargeblyantar og malingsspann ein treng for å halde småbarn i kreativt arbeid dag etter dag, dessutan tursekker og andre naudsynte artiklar som smårollingar brukar og treng nytt av etter kvart som det slitest. Det fanst ikkje sløseri, for ein hadde tilsett dagleg leiar fordelt på to tilsette i 120 % stilling. Det var orden i rekkene på det praktiske så vel som det sosiale.
Ja, du synest eg skal slutte med rosemalinga? Det er noko med det, ein veit liksom ikkje kor godt ein har det, før ein plutseleg ikkje har det lenger. I 2020 var det som om sola gjekk ned bakom fjella, og no står me her – med kalde føter, og ventar framleis på at ho skal stige opp att. Jadå, det er jo lyst, men varmen og det gnistrande framtidshåpet sokk ned bakom fjella.
Kva var det som skjedde?
I same år som kommunesamanslåinga byrja endringane å vise seg. Sparekniven blei sendt på rundgang mellom barnehagane, med beskjed om kor mykje dei måtte kutte og krav om å kome med forslag til kor dei kunne sette inn sparetiltak. Alt som gjekk over minimumskrav frå statleg hald vart kutta. Sjølv BTI (betre tidleg innsats) som blei spesifikt nemnt som føresetnad å halde fast ved i framtida, blei kutta. Alt skulle leggast via Odda. Spesialpedagogane som tidlegare alt var på plass i barnehagane skulle samlast i eit ambulerande team og sendast dit det var behovsprøvd – etter utgreiing sjølvsagt. Det blei stramma inn i alle krikar og krokar, driftsbudsjettet blei meir enn halvert og foreldrekasse skulle me heller ikkje ha. Dagleg leiar si stilling krympa til mindre enn ei stilling og ettersom behovet for vikar er prekært, er ho no stort sett å finne på avdeling, på golvet, hands on. Det blei kutta i dei ekstra ressursane som skulle dekke inn plantid og lengre opningstid. Ikkje nok med at det skulle sparast, fleksible ordningar som å kunne ha 60 % eller 80 % barnehageplass i periodar, blei fjerna. Bønder og sesongarbeidarar i utkanten skulle få kliss like barnehagetilbod som bybuarar i kommunesenteret.
I dette tilfellet – som med helsestasjonen, verker det som om kommunen har sett vekk frå korleis samfunnet dei styrer er konstruert og berre implementert regler som er laga for andre, større og meir samansette bystrukturar. For dei lovpålagde minimumskrava må jo haldast, så pengar i vikarbudsjetta finst. Med ein gong det blir fråfall frå grunnbemanninga, må det ringast etter vikar. I Bergen kan ein ringe Manpower eller Adecco, så kjem det ein trøytt student dinglande etter ein knapp time og set seg på golvet med ungane (som underteikna sjølv har gjort i nokre år for å støtte opp om knapp økonomi). Riktig nok ein som er ufaglært og kanskje under middels interessert i barnehagepedagogikk, men det blir nok hender per barn i alle fall. I Kinsarvik finst det ingen bemanningsbyrå å ta av. Og det finst ingen lag av befolkning som kan jobbe som deltids ringevikar, til det er det altfor få aktørar å ta av for å kunne garantere nok arbeid. Men om du trur barnehagane er bemanna med nok folk ein heilt vanleg dag der alle er friske og på jobb, tar du feil igjen. Med ein gong ein vaksen går på pause, eller plantid så er det for få vaksne att på avdeling. Arbeidsdagen til vaksne er på 7,5 timar, barna sin barnehagedag er nødvendigvis lengre slik at mor og far rekk å levere og hente og ha ein full dag på jobb i mellomtida. Og når ein fordeler dei tilsette si arbeidstid utover dagen, vert det for få tidleg og seint på dagen. Det er faktisk berre 2–3 timar om dagen ein fyller bemanningsnorma. No har me derfor blitt vane med meldingar frå barnehagen som spør om me kan vere snill å hente tidleg viss me har moglegheit, ettersom det er for få på seinvakt. Ein morgon fekk me beskjed om å levere alle barna på raud avdeling, fordi det berre var ein einaste vaksen på tidlegvakt(!).
Når me brukar om lag like mykje pengar tilsvarande to fulle stillingar på vikar i løpet av eit år, kunne ein vel like gjerne tilsett fleire personar i faste stillingar? Føreseieleg arbeidsdag og løn for vaksne, stabilitet og tryggleik i kvardagen for barn. Langt meir attraktivt for begge partar.
I starten av innlegget skjønnmalte eg kor fantastisk tilbod me hadde i Kinsarvik barnehage før samanslåinga. Sanninga er at me hadde akkurat det ein kan forvente av ein fungerande arbeidsplass for vaksne, og institusjon for barn. Verken meir eller mindre. Me hadde framleis ting å jobbe mot for å bli betre. No står kampen om få endene til å møtes. Det er ein langt meir desperat kamp.
Her er saka: me leverer frå oss det mest dyrebare me har i heile verda til denne barnehagen, sånn at me kan bruke dagen på å vera sjølve næringslivet – berebjelken i kommunen, som me igjen betaler skatt av og samlar i ein felles pott saman med andre i same situasjon, sånn at me saman kan gje neste generasjon ein god start i livet som dei forhåpentlegvis vil ha her. Me småbarnsforeldre riggar det meste for ungane våre her i distriktet, viss det skal vere noko 4h, fotball eller kor, så må me laga det sjølve. Men, til nokre ting treng me fellesskapet, me treng the community, kommunen! Eg ynskjer for mine barn at dei som tek i mot om morgonen har fått reise på seminar og eksterne kurs og konferansar kor dei får fagleg påfyll og ny giv. Fader heller! Om noko kunne trenge ein kick off på spahotell tidleg i august så er det barnehagetilsette!
Lat det ikkje herske noko tvil: Viss de sparer på dette punktet her, kjem det til å bite dykk (oss) i baken om ei stund.
Det går tid før ein merker at ein har tabba seg ut på å teste ut makropolitikk på mikronivå innan barnehagefeltet, men ein ting har me rokke å erfare allereie. Den tidlegare nemnde sentraliserte ambulerande spesialpedagogtenesta er no reversert tilbake til opphavleg drift. Det er me svært takksame for! No gjeld det å snu trenden før me byrjar å merke at me er på feil kurs med resten av skipet og. Dei som ikkje har opplevd korleis det er å ha barn i ein barnehage som er i forkant av problema, som står klare med rikeleg kapasitet når det verkeleg røyner på, veit ikkje kva dei går glipp av. Eg veit, og det svir at den fyrste ungen vår gjekk inn i ein heilt annan barnehagekvardag enn det dei to siste gjer.
Plis, kommune! La hjarta og lommeboka opna seg slik at me om morgonen kan gå inn på riktig avdeling til vedunderlege barnehagetilsette med låge skuldrer og sola i ryggen. Gje oss sola tilbake i Kinsarvik! Viss me lar det skina på dei små, så får me gevinst i dobbelt monn når me kan hauste av avlinga. Berre spør ein bonde, det finst framleis eit par att av oss.