– Det er eit val mellom pest eller kolera, og det vert gale uansett, innleia Erik Lund frå Miljødirektoratet då han heldt innlegg under Haustmøtet for Hardangervidda villreinområde.

Bakteppet for møtet var to funn av skrantesjuka på vidda, og den vidare handsaminga av dette var hovudtema på møtet. Dette er også grunnen for eit sterkt oppmøte frå jegeropprøret, som hadde med seg bodskapen om at vinterjakt vil føra til stopp i dugnadsviljen frå jegerane.

Bildeserie

Ådne (23), Stig (19), Håkon (27) og Nils Vetle (26) reiste over fjellet for å gjera opprør

– Det var kjempegod innsats i jakta. Utan jegerinnsatsen vert dette kjempevanskeleg, presiserte Lund.

Kunnskap

Han meiner at forvaltning er å balansera ulike interesser, og var klar over at hovudargumentet mot vinterjakt er manglande kunnskap. Lund understreka at ein må ha vitskapleg dokumentasjon når ein tek avgjerder.

Smittsom og dødelig sykdom

Skrantesjuke, også kalt CWD, er en smittsom og dødelig sykdom hos hjortedyr som kjennetegnes av langinkubasjonstid og et vanlige forløp fra infeksjon til død er antatt å være 2-3 år. Sykdomsutviklingen i en bestand skjer sakte i en tidlig fase på opptil 10-15 år, før andelen smittede individer i bestanden øker raskere. I en svært tidlig fase, og med et fåtall smitta individer kan det, ut fra kunnskapen vi har i dag, være muligheter (dog små) for at sykdommen dør ut før den får skikkelig fotfeste i bestanden.

Kilde: Norsk Villreinsenter

– Når det er usikkerheit skal det likevel ikkje hindra oss å ta avgjerder. Råda må koma uansett, og vi kan ikkje unngå å gjera noko, sjølv om vi ikkje veit alt, argumenterte seniorrådgjevaren.

Han viste til at den uavhengige VKM-rapporten var tydeleg på at om ein ikkje gjennomfører tiltak retta mot bekjemping av skrantesjuka så vil sjukdomen spreie seg i villreinbestanden på Hardangervidda. Løysinga dei presenterer er å redusera bestanden og minimalisera talet på vaksne bukkar.

Ringverknadar

– Det er ikkje oppgitt tal på ønska bestand, slik Svein Erik Lund ønskjer seg, men det står at jakta skal vera det viktigaste verktøyet når ein handsamar sjukdomen. Trass i ei veldig god jakt dei seinare åra, har ein ikkje nådd målsetjinga, heldt Lund fram.

Han viste til målet om å minimalisera vaksne bukkar, og er klar over at det kvart einaste år vil dukka opp nye halvannanåringar. Av fleire grunnar har det vist seg å vera vanskeleg å ta ut nok vaksen bukk gjennom den vanlege jakta.

– Sjukdomen gjeld ikkje berre for Hardangervidda, og kan få store ringverknadar, argumenterte han vidare og peikte mellom på anna hjortevilt, tamrein og andre villreinområde.

Sjølv om rådet Miljødirektoratet og Mattilsynet har gitt departementa er ekstraordinært uttak i vinter, vil dei vera lydhøyre for andre effektive forslag. Endre Lægreid, leiar for Villreinemnda, starta med å presisera at han på ingen måte nektar for at det er ein alvorleg sjukdom.

Kritisk

– Eg er av dei som meiner at gevinsten ikkje står i stil med belastninga dette vil føra til for dyra. Me skjønar det vil prega villreinforvaltninga på vidda i lang tid, men me er sikre på at me har størst sjanse til å nå målet om me samarbeider godt, forklarte Lægreid.

Han meiner at eit uttak i vinter, kan føra til så sterke reaksjonar frå lokale jegerar at ein mistar deira innsatsvilje for å sikra prøvar til hausten. Lægreid anslår at ein kanskje kan fella 150 bukkar på nyåret, og spurde kva slags gevinst dette eigentleg vil føra til.

– Eg har heller ikkje klart å fanga opp kva som vil vera strategien vidare etter vinteruttak, der ein truleg ikkje vil få positive funn. Om ein finn ein positiv prøve, kva er då neste strategi, spurde Lægreid.

Han fekk ikkje svar på dette, men derimot rungande applaus frå salen. Lægreid erkjenner at ein får noko høgare risiko for utvikling av sjukdomen ved denne strategien, men har ikkje fått tal for kva det vil utgjera.

Bestandsplan

Nemnda ønskjer dermed at ein legg opp til at ein dei komande åra skal ha ei målsetjing om ei årleg kalvetilvekst på 1500, og eit stort bukkeuttak i ordinær jakt. Målet er å skåna dyra for unødig forstyrring, og sikra oppslutning om prøvetaking frå lokale jegerar.

Villreinutvalet trakk fram modellar som syner at det er meir sannsynleg at ein går mot eit utbrot av skrantesjuka, enn at det ikkje er smitta dyr på vidda per i dag. Modellar tydar på at det er 1–4 smitta dyr, og det skal vera størst sjanse for at detta er bukk.

Dei jobbar no med ny bestandsplan, og bad om innspel til dette. I framlegget kom det fram at ein ser for seg ei vinterstamma på kring 4.500 dyr, med lite storbukk.