Arrangerte festival for å feire seg sjølv

:Pressefoto: Fredrik Fjeld

:Pressefoto: Fredrik Fjeld Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

I høve 150 årsjubileet til DNT arrangerte Haukeliseter fjellstue i helga tidenes første Haukeliseter fjellfestival.

DEL

– I høve jubileet ville vi invitere til ein skikkeleg fest. Dette gjekk over all forventning, seier Marcus Andersson, prosjekt- og marknadsansvarleg på Haukeliseter fjellstue i ei pressemelding.

Festivalen, som etter planen skulle vere ein festival og møteplass for turinteresserte, trakk 115 deltakarar til fjellstova i helga. Noko som vil seie utseld festival.

Det vart arrangert toppturar, bortoverturar på ulike nivå og konkurransar, foredrag og konsertar i løpet av helga. Mellom anna har personar som Anders Backe og Amy Mir halde foredrag og artistar som Andreas Våge og Daniel Kvammen trio stått på scena.

– Det er utruleg kjekt at oppmøtet blei så stort. At folk som driv med heilt ulike ting til vanleg kan samlast rundt ei interesse og nyte fjella saman på denne måten er veldig fint, seier Håkon Aarthun, som var turansvarleg for arrangementet i ei pressemelding.

Artikkeltags