Mykje folk under tradisjonsrik konsert på Utne

Av

Tradisjonen tru skipa Kor i Vest, Nå musikklag og Utne barne og Ungdomskor til jolakonsert i Utne kyrkje 10.12.19.

DEL

Ditt Hardanger (Ditt Hardanger): Mykje folk var møtt fram i ruskeveret og vi fekk ei fin stund med ny og eldre julemusikk, frå fjern og nær. Leiar for Kor i Vest, Anne Velure Lirhus har hatt ansvar for å få konserten i hamn, og ho ynskte velkomen og takka alle til slutt

Nå musikklag var flinke som alltid, og sette an tonen. Dei spela under den flinke dirigenten Mihai Sorohen, repertoaret varierte frå Belmont-hymnen, til kjende tittelmelodiar frå barne-tv, som Jul i svingen, Bob Dylan og Ole Paus.

Kor I Vest med sprudlande Laura Buta som dirigent song fine julesongar som Nordnorsk Julesalme, Det lyser i stille grender, Julens lovsong fleire, og dei song godt. Høgdepunktet mot slutten var den kjende Joy to the world saman med musikklaget.

Utne barne- og ungdomskor deltok med både enkle og meir avanserte songar. Dirigenten deira er no Åslaug Eikrem Utne, ho tok over etter at organist Inger Elisabeth Årvik flytta i haust. Åslaug klarer dette oppdraget godt, sjølv om det er, som leiar for konserten sa det: «store sko å fylla». Heilt til slutt fekk dei tre kora og musikklaget alle frammøtte med seg i allsongen Deilig er jorden, og julestemninga seig innover oss.

Vi fekk julekonsert i år også, og mange takk for den går til alle som deltok.

Send oss tekst og bilder «

Bidra til Ditt Hardanger! Vi oppfordrer deg til å fortelle om arrangement du har vært på.

Artikkeltags