- Truleg siste sjansen til å sikra seg norske eple til jol

Gode, gule Elstar-eple.

Gode, gule Elstar-eple. Foto:

Av
DEL

Joletorget på Nå: Joletorget "Pao Nao" har marknadsført seg med å ha alt du eigentleg treng til jol.

Men - dei siste åra har me ikkje hatt ansjos. Det har me i år!

Det vert joletorg "Pao Nao" i år og; 3. sundag i advent - sundag 16. desember. Det er 24 året det vert tilskipa - joletorget starta opp i 1995.

Dette er eit svært populært joletorg; interessa for å delta er stor.

Me ynskjer flest mogeleg med, slik at det i år er 25 utstillarar. Det tilseier at det vert trongt, men og garantert koseleg.

Utstillarane kjem frå Ullensvang, Odda, Eidfjord og fleire frå Kvinnherad.

Joletorget "Pao Nao" vert nok siste sjansen til å sikra seg norske eple til jol.

Epla i år vart tidleg mogne og har ein fantastisk kvalitet. Dei kom difor tidleg ut på marknaden. Heldigvis gøymde Nå Fruktlager unna fine Elstar-eple for å tilby kundane på joletorget.

Jolatorget på Nao blir arrangert kvart år før juli Bygdahallen på Nå.

Jolatorget på Nao blir arrangert kvart år før juli Bygdahallen på Nå. Foto:

Joletorget "Pao Nao" gjev oss høve til å ta snarvegen i joleførebuingane, for denne marknaden - kombinert med tilboda til SPAR Nå - har det aller meste:

Mjølkekaker og jolebakst, gløgg, eplekonsentrat og utsøkt Innigo-saft, Grimokniven, honning, bøker, måleri, sy- og strikkearbeid, kjøtt og sylteflesk, aure - fersk og foredla -, kryddersild, joletre, syltetøy, gele og hermetikk, blomar, italiensk ost og olivenolje, trearbeid og rosemåling, egg og poteter og ulike gåveartiklar.

Det garanterar for eit innhaldsrikt og variert joletorg i år.

I tillegg lagar 7. klasse på Vikebygd skule til torgkafè, der me kan roa ned med vafler, kaker, kaffi og saft.

Pinnekjøt, lutefisk, hakkasteik, bacon og røykjelaks? Spar Nå lagar godsakene og har dei klare. Butikken er open medan me har joletorget føregår.

Bunadsverkstaden er og open i torgtida.

Heile joletorget er i Bygdahallen. Me brukar kvar ei kro - både sal og scene, matsal, garderobar og uteområde. Fordelane er korte avstandar og såleis lett å koma til og frå.

Det er Bygdahallen og bygdelaget "Vikebygdkrinsen" som samarbeider om joletorget "Pao Nao". Det er ei glede å laga til!

Me ynskjer seljarar og kundar velkomne til torgs - til ei stund for nytte, hygge, samtale, smil og latter!

Send oss tekst og bilder «

Bidra til Ditt Hardanger! Vi oppfordrer deg til å fortelle om arrangement du har vært på.

Artikkeltags