Ullensvang kulturskule inviterer til kaoshelg

Ikkje sikkert det blir så stort kaos, men mange aktivitetar og kreativ læring blir det!skriver Eldbjørg Furholt.

Ikkje sikkert det blir så stort kaos, men mange aktivitetar og kreativ læring blir det!skriver Eldbjørg Furholt.

Av
DEL

Ditt Hardanger(DittHardanger): Som kjent så er kulturskulane i Jondal, Odda og Ullensvang allereie no operative som ein kulturskule - Ullensvang kulturskule.Neste helg inviterer vi til ei kreativ kaoshelg!

Ikkje sikkert det blir så stort kaos, men mange aktivitetar og kreativ læring blir det! Dans, låtskrivingskurs og moglegheitar for både vokalgruppe og band/blås.

Danseinstruktørane, Yonas og Amalie, kjem frå Oslo. Her går det i hip-hop, breakdance, popping etc. Dei forsikrar at dette høver like godt for gutar som jenter, og deltakarane vil blli inndelte etter alder.Nytt sjansen! Det er alt for sjeldan dansekurs i regionen vår.Eli Gauden er ein 26 år gamal musikar med studiebakgrunn frå Berklee College of Music i Boston.

I denne settingen skal ho ha fokus på låtskriving, men har også masse erfaring med musikkproduksjonar, arrangering etc. Deltakarane som ønsker å dykke djupare i forhold til vokal, band og blås vil bli underviste av kulturskulen sine eigne instruktørar.Kaoshelga er ein flott sjanse til å lære noko nytt. Arrangementet er lagt til Odda Ungdomsskole, men vi understreker at dette er læringshelg for absolutt alle i alderen 3.klasse og oppover (sjå plakat).

Du må IKKJE vere elev i kulturskulen. Det skal vere fullt mogleg å nå arrangementet via bussar inn til Odda frå både Jondal, Røldal og Ullensvang. Er det behov for dette,vil kulturskulen sikre "trygt følge" frå busstasjonen og opp til ungdomsskolen.Fredag 15.november er planleggingsdag for skulane. Kva er vel betre enn å ha det litt moro!

Arrangementet blir støtta av Frisklivssentralen.

Sjekk arrangementet vårt, og lurer du på noko meir, kontakt kulturskulen direkte. Påmeldingsfrist er 11. november.


Send oss tekst og bilder «

Bidra til Ditt Hardanger! Vi oppfordrer deg til å fortelle om arrangement du har vært på.

Artikkeltags