Verdas minste litteraturhus opnar

Årets postkort.

Årets postkort.

Inviterer til litterær bygdevandring.

DEL

Ditt Hardanger(DittHardanger):  Dette er tredje gongen dei raude rammene, som er laga på skulesløyden, blir sett opp – og det er niande sesong BokBua på kalvatræet i Røldal held «plutseleg ope».

Det stemningsfulle vesle tømmerhuset er ein tidlegare husmannsplass, men er no ein del av Røldal bygdemuseum.  Årets postkort viser fasademåleriet på Bokbua sin langvegg mot den gamle ferdselsvegen mellom Austlandet og Vestlandet.

– Ei av dei seks rammene i bygdevandringa er sett opp her, nettopp som ramme rundt dei gamle steinmurane på kvar side av gamlevegen, opplyser Susanne Urban ved verdas minste litteraturhus.

Orda til denne staden er lånte av Zinken Hopp, som hadde mor frå Røldal; « ... Bakom min mormors stue lå det en gammel veg ...»

Eldsjelene bak litteraturhuset med bruktbokutsalg ser på BokBua som ein omplasseringsheim for gode bøker og ønskjer velkomen til litterær quiz.

– Er du usikker på om det er noko for deg? Hald deg til orda i ramme nummer seks, som er sett opp ved skatebanen på Røldal skule. «Det har eg aldri prøvd før, så det trur eg sikkert at eg kan klare», lokkar Susanne Urban.

Send oss tekst og bilder «

Bidra til Ditt Hardanger! Vi oppfordrer deg til å fortelle om arrangement du har vært på.

Artikkeltags