100 år med vidaregåande skule i ein industrikommune

Svein Ivar Angell

Svein Ivar Angell Foto:

Av
DEL

InnsendtSenioruniversitet har nytt møtet torsdag 11. april 2019

Møtet er kl 11:30 på IRIS SCENE på Smelteverkstomta pga oppussing av Meieriet kulturhus.
 

TEMA:

«Vidaregåande skule i ein industrikommune - døme frå 100 år med vidaregåande opplæring i Odda» med historieprofessor ved UiB Svein Ivar Angell. Han er opphaveleg frå Odda. 

Det er vårsemester og snart eksamenstid på dei vidaregåande skulane. Slik har det faktisk vore i over 100 år for ungdom her i Odda. Mange lokale senior, eller deira barn og barnebarn har sikkert gått på ein av desse skulane her, og vil kjenne seg igjen i deler av det som blir fortalt. No kan me læra litt om heile denne stolte historien.

Angell tek i førdraget utgangspunkt i 100-årsjubileumsheftet for Odda Vidaregåande skule som han laga i 2016. Dette vil vera til sals på møtet.

I føredraget vil Angell sjå skulane i Odda i samanheng med den lokale historia meir allment, utviklinga av det vidaregåande skuletilbodet i Hordaland, og den nasjonale utdanningshistoria.

Som industrikommune fekk Odda tidleg eit vidaregåande skuletilbod, med Den Tekniske Kveldsskulen frå 1916, og med Den Høgare Ålmenskulen frå 1918. Like før krigen kom Yrkesskulen i gang, etter at det hadde vorte starta ulike kurs i snekkaropplæring, muring, husmorskule og kommunal handelsskule.

Etter krigen fekk Ålmeskulen eksamensrett til artium. I 1959 vart det reist eige bygg til den høgare skulen (som er ungdomsskule i dag), og i 1960-åra kom ny yrkesskulebygning og gymnasbygning.

Skuletilbodet i Odda var stort sett kommunalt. Dette var unikt i Hordaland heilt fram til fylket tok over kring 1970. Tilbodet i Odda gjorde truleg sitt til at det relativt sett var fleire ungdomar i Indre Hardanger som fekk tilgang til vidaregåande skule, enn tilfellet var andre stader.

Jubileumsheftet vart trykt i eit avgrensa opplag, som Odda vgs. disponerer.

Angell har difor ikkje hatt særleg høve til å formidla dette stoffet til eit større publikum. Me håpar derfor mange har interesse av å høyre om denne 100 årige historien vår. Ikkje berre har SU fått forfattaren av jubileumsheftet på plass, men det vil også vera til sals på møtet for kr 100,- kontant, eller VIPPS kr 105

Møtet er ope for alle interesserte.

Send oss tekst og bilder «

Bidra til Ditt Hardanger! Vi oppfordrer deg til å fortelle om arrangement du har vært på.

Artikkeltags