Samarbeid med SparebankenVest ga kr 10 800 til Kongo 

Av
DEL

DittHardanger(DittHardanger): 1sta på Odda vgs har prøvd ut eit nytt samarbeid på OD-dagen, der heile klassen hadde arbeid hos Sparebanken Vest.

Torsdag 31. oktober var det nasjonal OD dag i Norge. Operasjon dagsverk er ein frivillig operasjon som går ut på at elevar frå dei vidaregåande skulane rundt i landet får ein dag utan skulearbeid men i stadenfor finn ein arbeidsplass for ein dag.

Kvar elev skal samle inn kr 400 som går til ulike humanitære formål kvart år. I år var det gruvearbeidarane i Kongo som skulle hjelpast.

I Kongo er det omlag 40 000 barn under 18 år som jobbar i grusomme omgivningar med skift på 13 timar. På ein arbeidsdag tener dei litt over 1 dollar. Vi i klasse 1sta, første klasse studiespesialiserande, ville bruka denne dagen til å samla inn pengane saman som klasse for å gjera noko kjekt og meiningsfullt i lag. Vi tok kontakt med fleire arbeidsplassar, og Sparebanken Vest var veldig positive til forslaget og kunne gi arbeid til 27 elevar.

Tillitsvalde i klassen hadde møte med banksjef Marie og kunderådgjevarane Ida og Katrine og fann saman ut kva som kunne gjerast sidan vi var så mange. Vi kom fram til nokon kunne rydda i hvelvet, nokon kunne gjera undersøkingar ute i Odda og andre kunne planleggja korleis vi kunne bruka lærdommen vi fekk av banken i undervisning vidare i samfunnsfag. Vi blei delte inn i tre grupper som utførte dei ulike oppgåvene vi fekk tildelt, og timane gjekk raskt.

Vi avslutta dagen med lunsj med dei trivelege tilsette i banken, og fekk kr 10 800 som går til gruvearbeidarane i Kongo. Det at heile klassen jobba på samme plass har ikkje blitt gjort før på skulen vår, og kanskje kan vi visa veg til fleire.

Næringslivet vil jo ha kontakt med oss ungdomar, og fleire bedrifter kan kanskje for seinare år inngå samarbeid med ein klasse slik som vi gjorde. Det gjekk veldig bra for oss.

Vi hadde eit godt samarbeid med banken og lærte og masse om å jobba godt saman i team.

Send oss tekst og bilder «

Bidra til Ditt Hardanger! Vi oppfordrer deg til å fortelle om arrangement du har vært på.

Artikkeltags