Kraftmuseet marker den internasjonale Kvinnedagen

Renate Espe Aase, Hedvig Moe og Joakim Sørå.

Renate Espe Aase, Hedvig Moe og Joakim Sørå.

Av

Den 8. mars markerer Kraftmuseet den internasjonale Kvinnedagen på Litteraturhuset.

DEL

Ditt Hardanger(DittHardanger): Kjønnsroller er eit evig aktuelt tema, og stadig gjenstand for heftig debatt. Det grip inn i dei fleste samfunnsområde, frå politikk samfunns- og arbeidsliv til familie, barnehage og skule.

Mykje har endra seg sidan det gamle bondesamfunnet og den fylgjande industrialiseringa, men diskusjonen om kjønnsrollene er lang frå utdatert.

Den nye Stoltenbergrapporten stadfester at gutane framleis heng etter i skulen, og har gjort det så lenge ein har målingar. Urovekkjande mange fell frå før fullført vidaregåande. Samstundes er det framleis kvinnene som har mest ufrivillig deltid, lågast løn og høgast arbeidsløyse. Dei skuleflinke jentene er på si side plaga av angst og depresjon, i ein slik grad at Røde Kors har gått ut og kalla det eit humanitært problem.

Den 8. mars markerer Kraftmuseet den internasjonale Kvinnedagen på Litteraturhuset. Me startar med ein presentasjon av Odda-forfattaren Gro Holm, og hennar unike skildringar av livet i Indre Hardanger i overgangen frå jordbruk til industrisamfunn.

Hennar blikk var alltid for dei undervurderte slitarane i samfunnet, og kvinnene si stilling var eit viktig tema. Sprengkrafta i bøkene var så stor at enkelte fann det naudsynt å brenna bøkene hennar for at døtrene ikkje skulle få tak i dei.


Etterpå vert det salongprat der tema er kjønnsroller i dagens samfunn. Me skal snakka med Hedvig Moe, som har ein CV som er eigna til å imponera dei fleste kvinner og menn. Ho har mellom anna vore rådmann i Ullensvang, aktor i krigsforbrytardomstolen for tidlegare Jugoslavia og er no lestleiar i Økokrim.

Kva har gjort at ho har søkt seg den vegen? Har ho merka noko til forventningar knytt til det å vera kvinne med karriere? Har ho kanskje nokon tips å dela? Me skal og snakka med Renate Espe Aase og Joakim Sørå, som begge er lærarar ved Odda barneskole.

Kjenner dei att kjønnsproblematikken i skulen frå dagens offentlege debatt? Har dei tankar om løysingar for framtida? Og korleis er det å jobba i eit kvinnedominert yrke?

Hjarteleg velkommen til ein spanande kveld på Sentralbadet litteraturhus!

Send oss tekst og bilder «

Bidra til Ditt Hardanger! Vi oppfordrer deg til å fortelle om arrangement du har vært på.

Artikkeltags