Skare Kyrkje får besøk forteljaren Sigurd Dahle

Av
DEL

AproposSkare kyrkje får fredag 5. april besøk av forteljaren Sigurd Dahle. Dahle bur i Ål i Hallingdal og har frå 1989 vore jordbrukssjef i Hol kommune. På fritida har han mange interesser, ei av desse er noko uvanleg, nemleg det å memorera bibeltekstar. Dahle har mellom anna blitt inspirert av skodespelaren Svein Tindberg, som tidlegare har hatt stor suksess med teaterframsyningane «Markusevangeliet» og «Apostlenes gjerninger».

Som Tindberg, er også Dahle åleine på scena der han ved hjelp av enkle effektar, samt teksten han har pugga, tar publikum med tilbake i tid og stad.

Dahle har tidlegare hatt framføringar av tekstar frå Lukasevangeliet og har fått gode kritikkar for desse. «Mektig imponerende forestilling», «Hans gode stemmebruk gjorde teksten høyst levende» og «...med stor innlevelse tok han publikum med tilbake i tid og sted», er nokre ord frå omtalar. «Fascinerende», «dynamisk» og «lekende» er òg blitt sagt.

I Skare kyrkje er det påsketeksten frå Matteusevangeliet Dahle skal framføra. I omlag ein time vil han gje tilhøyrarane si tolking av påsketeksten. Denne framsyninga hadde han første gong i Geilo kulturkyrkje 1. påskedag i fjor. Då hadde han brukt eit års tid på å læra seg teksten. Han synest det er ein gjevande hobby å pugga bibelvers.

Han puggar på veg til jobb, ute på skitur og elles der det høver. Sommarstid syklar han ofte dei 17 kilometrane til jobb frå heimen i Ål og har då god tid til å pugga vers. Til påsketekstførebuinga hadde han også eit godt samarbeid med instruktør Stine Førland frå Buskerud Teater. Dahle si drivkraft til å formidla Ordet munnleg, ligg i det å kunna koma nærare hendingane for så å dela den nærleiken med andre.

Dette er første gong Sigurd Dahle besøker Skare kyrkje, og soknerådet i Skare håper mange vil ta turen til kyrkja 5. april og få med seg ei fin framsyning med god forteljarkunst og ei ganske unik formidling av påskebodskapen.

Send oss tekst og bilder «

Bidra til Ditt Hardanger! Vi oppfordrer deg til å fortelle om arrangement du har vært på.

Artikkeltags