Møtest til samtale under verdas poesidag

Cecilie Løveid, Fredrik Hagen og Katrine Heiberg møtest til samtale om kva som kjenneteiknar den norske poesien i 2019, og dei siste tiåra.

Cecilie Løveid, Fredrik Hagen og Katrine Heiberg møtest til samtale om kva som kjenneteiknar den norske poesien i 2019, og dei siste tiåra.

Av

Poesiprat: Løveid, Hagen og Heiberg.

DEL

Ditt HardangerTorsdag 21. mars er det verdas poesidag, og Litteraturhuset i Odda inviterer til Poesiprat med poetane Cecilie Løveid, Fredrik Hagen og Katrine Heiberg. Dei møtest til samtale med litteraturformidlar på Voss bibliotek, Theresa Wallevik.

Der ein stadig snakkar om kva som pregar norske romanar, er det sjeldan same offentlege samtale kring poesien. Kva kjenneteiknar den norske poesien i 2019, og dei siste tiåra? Kva for poetar og måtar å skrive på har vore mest dominerande her til lands, og kven har inspirert dei tre poetane i panelet? Kva for dikt skriv dei sjølv? Cecilie Løveid er ein av landets mest kjende forfattarar, og har vore aktiv heilt sidan 70-talet. Fredrik Hagen er frå Odda, og har gitt ut tre diktsamlingar som har fått fine meldingar. Katrine Heiberg debuterte i haust med si første diktsamling, som har fått mykje ros i pressen. Samtalen varer i omlag ein time. Det blir også opplesingar, melder litteraturhuset.

Send oss tekst og bilder «

Bidra til Ditt Hardanger! Vi oppfordrer deg til å fortelle om arrangement du har vært på.

Artikkeltags