«Folk og røvarar i Kardemommeby» til Skare og Rosendal

DEL

Ditt Hardanger

Det er Barne-og ungdomsteateret i Sandeid ungdomslag som vitjar Skare Grendahus med klassikaren av Thorbjørn Egner.

- Dette blir ein laurdags ettermiddag kor ein kan slappa av med heimelaga mat i teaterkafèen både før og etter teaterframsyninga og ikkje minst ta imot invitasjonen til å besøkja Kardemommeby, skriv dei i ei pressemelding.

Send inn ditt arrangement her

Sandeid Barne og ungdomsteater starta i 1987, og sidan den tid er det ikkje få stykke dei har iscenesett. Dei avsluttar ofte sesongen med ein turnè, og i år er det Skare Grendahus som får besøk laurdagen, og Rosendal samfunnshuspå søndag blir neste stopp for teatergruppa.

- Alle me som bur i Kardemommeby er stolte over å kunna ynskja deg velkommen til byen vår. Som du sikkert veit er ikkje denne byen som andre byar. Her tek folk det litt meir med ro enn i byar flest., heiter det vidare i meldinga.

Dette uskuldige universet skapte Thorbjørn Egner i bokform i 1955. I utgangspunktet vart historien laga for Barnetimen.

Allereie året etter vart Kardemommeby sett opp som teater. Scenografien og kostyma er designa og laga av Aud Sigrid Flesland. Gjennom mange år har Sandeid ul teater hatt gleda av eit samarbeid med henne.

- Og ho boltrar seg fritt, og det er i hennar scenografi me set liv til karakterane i «Folk og røvarar i Kardemommeby»., avsluttar laget.

Send oss tekst og bilder «

Bidra til Ditt Hardanger! Vi oppfordrer deg til å fortelle om arrangement du har vært på.

Artikkeltags