Kraftmuseet er 30 år: No kjem det drypp frå arkivet kvar månad

Av
DEL

Ditt HardangerKraftmuseet er 30 år i år, og frå november vil museet komme med drypp frå arkiva kvar fyrste onsdag i månaden. (Bortsett frå januar, som vert den andre onsdagen).


Arrangementet er på dagtid, og finn stad i Buen i museumshagen i Folgefonngata. Det vert eit nytt tema kvar gong, med bilder og historie, kåseri eller foredrag.


Det vil også bli sal av kaffi og vafler av museet sitt vennelag «Kraftmuseets Venner».

Fyrste tema er historia om Odda sjukehus som var 100 år i 2018.

Du får sjå foto og høyre historier om lasarettet, ulykker, behovet for eit sjukehus, legendariske doktor Haavik og mykje meir.
Spørsmål og diskusjon etterpå. Vel møtt!


Send oss tekst og bilder «

Bidra til Ditt Hardanger! Vi oppfordrer deg til å fortelle om arrangement du har vært på.

Artikkeltags