Røldal Kvinne & Familielag samla inn 74 kolli med klede og utstyr som skal sendast til Romania

Damer frå R K&F og sjåfør Håkon Småbrekke har pakka klar hengaren for transport til Suldal.

Damer frå R K&F og sjåfør Håkon Småbrekke har pakka klar hengaren for transport til Suldal. Foto:

Av
DEL

Ditt HardangerI vår har Røldal Kvinne & Familielag engasjert seg i innsamling av klede og utstyr som skal sendast til Romania. Inger Apeland frå Suldal og prosjektet Romania Aid er dei som organiserer og sender.

Heilt sidan 1981 har ho bidrege til innsamling, og kvar haust går ein full trailer direkte til Romania. Den vert kjørt av rumensk sjåfør og vel framme vert mottekne varer sorterte,  og utdelte med politiet si hjelp til dei som treng det mest.

I Røldal hadde laget ute informasjon i god tid, og tysdag 28. mai var det mottak i coop-bygget. I alt kom det inn 74 kolli, pakka i søppelsekker eller bananesker. Både klede, sko, sportsutstyr, sengetøy, leiker osv vart teke imot. For kvar kolli betalar gjevar i tillegg 50 kr, som går til transporten frå Noreg til Romania.

Måndag 3. juni vart så alt dette frakta med privat bil/hengar til Suldalsosen, der organisasjonen har stort lager. Me konstaterte at der er plass til endå meir på hengaren, så neste år er målet å fylla den opp!

Røldal Kvinne & Familielag takkar med dette alle som har bidrege, ved å gje og med pakking, lessing og transport.

Send oss tekst og bilder «

Bidra til Ditt Hardanger! Vi oppfordrer deg til å fortelle om arrangement du har vært på.

Artikkeltags