Arrangerer miljøpub på Litteraturhuset

Jonny SDaue og Lars Syse på laboratoriet på Odda Smelteverk i 1959

Jonny SDaue og Lars Syse på laboratoriet på Odda Smelteverk i 1959 Foto:

Av

I samband med forskningsdagane, arrangerer Kraftmuseet Miljøpub på den internasjonale forskarnatta. Temaet er energi, klima og miljø.

DEL

Ditt Hardanger(Ditt Hardanger): Odda sin identitet er sterkt samanbunde med den kraftkrevjande industrien, og både historisk og nyare forsking knytt til dette. Museet fortel kort om nyskapande forsking som vart gjort under industrireisinga, før nyare miljøsatsing skal under lupen. Kor miljøbevisste er dei store bedriftane i Odda?

Stian Seim, leiar for forsking og utvikling på Tizir Titanium & Iron kjem for å snakka hydrogenprosjektet i Tyssedal, og morgondagens løysninger for reduksjon i klimagassutslipp og energieffektivisering.

Maria Førde Møll, avdelingsleiar for forsking og utvilkling på Boliden, Odda gir ein introduksjon om korleis Boliden eksternt og internt er ein del av ein sirkulær økonomi. Hos Boliden er det fleire prosessar i gang for å utnytta råstoffa i endå større grad, og vi får presentert eksemplar på detta.

Send inn ditt arrangement - legg inn tekst og bilder

Ida Maage Elstad har mange innovative prosjekt bak seg, og er klimaentusiast med fokus på den nye teknologien innan grøn energi. Innovasjon og mogelegheiter er der, det er berre å ta den i bruk!

Det er tid til spørsmål fra salen etter innlegga.

Til slutt blir det quiz - kor godt har publikum fulgt med? Laga vert satt opp i pausen.

For alle som er opptatt av klima og miljø, er dette ein flott sjanse til å få innblikk i korleis bedriftane i Odda jobber for ein ny, grøn revolusjon.

Arrangementet er gratis, og open for alle.

Send oss tekst og bilder «

Bidra til Ditt Hardanger! Vi oppfordrer deg til å fortelle om arrangement du har vært på.

Artikkeltags