Frå fjord til fonn i mektig nasjonalromantisk natur

Mauranger: Alt ligg til rette for at mange eliteløparar finn vegen til Mauranger under årets Folgefonna Opp, som går av stabelen laurdag 10. august. foto: Privat

Mauranger: Alt ligg til rette for at mange eliteløparar finn vegen til Mauranger under årets Folgefonna Opp, som går av stabelen laurdag 10. august. foto: Privat

Av

10. august inviterer Uskedalen IL og Ænes og Mauranger Bygdalag til motbakkeløpet Folgefonna Opp i Bondhusdalen.

DEL

Ditt Hardanger Løpet tar deg frå fjord til fonn på historisk grunn i mektig nasjonalromantisk natur. Folgefonna Opp vert arrangert for 8. gong, og inngår i år også som 4. løp i norgescupen for motbakkeløp. Alt ligg til rette for at mange eliteløparar finn vegen til Mauranger akkurat i år. Juniorklassen startar samtidig med konkurranseløparane, men har målgang ved Gardshammar, fem km ut i løypa.

Traséen

Første del følgjer Isvegen innover Bondhusdalen, deretter oppover den frodige Hillarslia med sine mange hårnålssvingar til Gardshammar (745 moh.). Vidare T-merka sti inn i eit alpint landskap og mål etter elleve km ved Fonnabu turisthytte (1460 moh.) like ved Folgefonna. Her ventar ein fantastisk utsikt – og Kvinnherad Turlag med varm fruktsuppe, melder arrangørane. Traseen følgjer den 120 år gamle ridevegen Turistvegen over Folgefonna, som er ei av få utvalde historiske vandreruter i Norge. Sherpaene har også vore i sving på denne stien, og laga flotte steintrapper opp det vanskelege partiet nedanfor Breidablikkhytta.

Løp for mosjonistar

Sjølv om dei vil ha mange med i konkurranseklassen, blir dei like glade for alle mosjonistar, melder arrangørane og oppmodar di til å nytta høvet til å koma seg ut på fjelltur eller teste forma. Krav for fullført løp i mosjonistklassen er minimum til Gardshammar, dit arrangørane håpar mange kjem seg for å heia fram dei sprekaste. Ved retur samlingsplass kan ein nyta middag som er inkludert i deltakaravgifta.

Premiar

Vinnarane kan vente seg flotte lokalproduserte nisjeprodukt i tillegg til gode pengepremiar. Blant anna Folgefonna Opp-strikkehua og drikkebegeret Tomling. Set du ny løyperekord blir du eigar av ein handlaga kniv, men då må du tukte dei sterke tidene til Lars Erik Skjervheim 1.19.01 (2018), eller May Britt Buer 1.40.21 (2016).

Familiedag

Samstundes som deltakarane sveittar seg opp lia blir det folkefest på Sandarvollen, to km lett gonge frå parkeringsplassen i Bondhusdalen. Dei yngste skal også få startnummer på brystet. Barneløpet har same start og same startpistol som motbakkeløparane, og målgang på Sandarvollen med premie til alle. Her blir det også Maurangermeisterskap i barkebåtløp og mjølkespannhalding, øksekasting, støvelkast, ansiktsmåling og quiz. B-Gjengen frå Rosendal Musikklag står for musikalsk underhaldning. I kiosken blir det sal av tradisjonsmat som rjomegraut og mjølkekaker, og grilling av fiskeburger og pølser. Om kvelden er det «After Run» ved Hardanger Fjord Lodge.

Send oss tekst og bilder «

Bidra til Ditt Hardanger! Vi oppfordrer deg til å fortelle om arrangement du har vært på.

Artikkeltags