Stiller ut dokker i folkedrakt etter Adolph Tidemand

Britt Rage

Britt Rage

Av

Søndag 16. juni åpner ny utstilling på Hardanger folkemuseum. 

DEL

Ditt HardangerBritt Kjellesvik Rage har sidan 1980-åra drive sin eigen verkstad/galleri på Tysnes, like sør for Bergen. Ho kartlegg og arbeider med historiske klede og skapar figurar i historisk tidsrette drakter. Britt har delteke på ei rekkje utstillingar, halde kurs og foredrag, og det har stått artiklar om figurane hennar i norske og utanlandske tidsskrift. Ho har studert drakthistorie ved NTNU og er for tida i gong med modulbaserte draktstudiar i Danmark.

Dokker i folkedrakt etter Adolph Tidemand sine draktstudiar.

Tenk å bli gjenskapt som dokke etter 150 år! Mitt møte med Adolph Tidemand starta for mange år sidan, då eg på 1980-talet fekk i hende boka av Aagot Noss om "Adolph Tidemand og folk han møtte". Ein blir berørt av desse ofte namngitte personane som Tidemand portretterte på 1800-talet, og eg ønskjer her å visa dei på nytt i lite format, godt støtta av Aagot Noss sine detaljerte skildringar av draktstudiane.

Dei gamle folkedraktene var skapt av materialer som folk hadde, men innan gitte rammer. Slik har eg også gjort. Eg har hatt ein skikkeleg "restefest" i arbeidet med dokkene og brukt materialer eg har samla opp gjennom åra med tanke på ei slik utstilling, samt frå reiser i vesterveg. For dette er ikkje bunader, men folk sine vanlege klede, sjølv om dei kan ha pynta seg for målaren, evt med lånte plagg.

Dette er mitt møte med Tidemand sine portrett, det er ikkje reine kopiar.

På grunn av det vesle formatet kan det heller ikkje bli direkte kopiar av alle syteknikkar i dei gamle draktene, men ei samla gjenskaping av uttrykk. Utstillinga blir som ein korrespondanse mellom fortid og notid, der eg prøver å fanga desse levde liva og deira drakter, i mitt format. 

Send oss tekst og bilder «

Bidra til Ditt Hardanger! Vi oppfordrer deg til å fortelle om arrangement du har vært på.

Artikkeltags