Til eventyrets kontinent med fargerik odding

Eli med barn i Etiopia

Eli med barn i Etiopia Foto:

Av
DEL

Innsendt

Senioruniversitetet i Odda og Ullensvang sine møte er alltid opne for alle som vil kome – uansett alder - både medlemer og ikkje-medlemer. Det er god plass på Meieriet kulturhus.

Denne veka inviterer me til torsdagsmøte med tema frå eksotiske himmelstrøk dei fleste av oss kjenner lite til frå eiga erfaring: Afrika - også kalla eventyrets kontinent.

Då skal den lokale eventyrar, journalist og filmskapar Eli Gunnvor Grønsdal fortelje frå sine reiser i Aust Afrika gjennom 14 år.

Ho tek oss med på reise gjennom Etiopia sin spennande og unike kultur, vidare til Kenya, og fram til krydderøya Zanzibar. Der blir Grønsdal kalla «Mama Kibanda», som er swahili og betyr ”mora til det vesle huset”. Ho vil vise filmklipp fra TV2 serien ”Dit peppern gror”, bilete, og krydrar med sine små personlege historiar.

Alle er velkomne. Enkel servering

Håpar mange synest det er eit spennande tema og tek turen til Meieriet Kulturhus torsdag 6 desember kl. 11.30 

Send oss tekst og bilder «

Bidra til Ditt Hardanger! Vi oppfordrer deg til å fortelle om arrangement du har vært på.

Artikkeltags