La det vere folk i setningane: Marit Eikemo og Bjørn Tomren

Marit Eikemo og Bjørn Tomren.

Marit Eikemo og Bjørn Tomren. Foto:

Av

La det vere folk i setningane: Marit Eikemo og Bjørn Tomren.

DEL

Innsendt Velkommen til eit litterært og musikalsk møte mellom Marit Eikemo og Bjørn Tomren!

Som et av de siste arrangement på Sentralbadet litteraturhus før julefreden senkar seg, byr vi på ei utgåve av "La det vere folk i setningane", som Eikemo og Tomren framførte under symposiet - og med ein litt annleis vri.

Eikemo les tekstar som dannar ein raud tråd gjennom hennar forfattarskap, og Tomren syng kjende popsongar som er sentrale omdreiningspunkt for dei begge.

Ingen som har hørt Bjørn Tomren synge, vil nokon gong glømme det. Med si gudebenåda stemme tolkar han så vidt forskjellige artistar som Elvis, Whitney Houston, Jim Reeves og The Supremes, for å nevne nokre. I tillegg er han kjend for sin spektakulær strupesong og jodling.

I haust gav han ut si første soloplate: Bad Science Fiction. Marit Eikemo frå Odda har gitt ut fem romanar og ei essaysamling, og er i haust ute med novellesamlinga Hardanger - til stor merksemd.

Velkommen til ein stemningsfull stund i gode venners lag!

Send oss tekst og bilder «

Bidra til Ditt Hardanger! Vi oppfordrer deg til å fortelle om arrangement du har vært på.

Artikkeltags