Badstugjengen og siderprodusent på Sentralshow med Gry og Gro

Av

På laurdag er det klart for den andre utgåva av Sentralshow med Gry og Gro.

DEL

Ditt HardangerForrige gang var Robert Hermansen og Vetle Mikkelsen gjester, og også denne gang har Gry og Gro truleg skote blink med val av gjester. Fyrste gjest er tilflyttar til Hardanger. Då ho var lita, fantaserte Arita Åkre om Hardanger, som ein idyllisk stad med hest og kjerre, og fruktgardar i bratte skråningar. Lite kunne ho forutsjå det eventyret ho no er ein sentral del av.

Arita Åkre har utdanning frå UK, USA og Bergen, bachelorgrad i kjemi, og mastergrad i petroleumsfysikk.

Etter å ha jobba i oljeindustrien i ti år, og samstundes pendla til Hardanger i helgene, har ho no flytta til Nå i Ullensvang, med mannen Gjermund og to born. Saman står dei bak saft- og sidermerket Edel.

Dei neste gjestane er nok meir kjend lokalt. Dei trur dei er kjendisar, seier dei på spøk.

Badstugjengen må vel seiast å vere ein sagnomsust institusjon. Tre representantar frå gjengen har takka ja til å sitte i sofaen mellom Gry og Gro. Kjetil Mandelid jobbar på Bilfinger som mekanikar, og omtalar seg sjølv som anonym og kjedeleg.

Men kjedeleg er det slett ikkje, at han reiser verda rundt og tar naturbilete, og er eit ivrig medlem av Odda fotoklubb.

Vidar Solvi, inngrodd odding som han seier, har budd "på museet", i arbeidarbustadane i Folgefonngata, er postmann og lokalpolitikar. Erik Hultstrand kjem til unnsetning på mange arbeidsplassar gjennom jobben sin på Assist AS, og er stolt medlem av Tyssedalkoret. Han hadde blitt arvelaus, sa mora, om han hadde vald eit anna kor. Dei er vane med varme, men korleis taklar dei å bli grilla av Gry og Gro?

Det blir garantert høgt under taket på Sentralbadet Litteraturhus på laurdag. Showet vart utseld forrige gang, og folk som møtte i døra, fekk ikkje billett.

Meir info, og artige filmar på facebooksida til litteraturhuset.

Send oss tekst og bilder «

Bidra til Ditt Hardanger! Vi oppfordrer deg til å fortelle om arrangement du har vært på.

Artikkeltags