Maria Digranes samlar fleire lokale til julekonsert

Arrangør: Maria Digranes.

Arrangør: Maria Digranes.

Tysdag 17.desember ynskjer arrangør Maria Digranes velkommen til stemningsfull julekonsert i Ullensvang kyrkje.

DEL

I år har ho med seg Arild Helleland, eit velkjent namn for mange.

– Han har ein heilt eigen evne til å trollbinda tilhøyrarane med si mektige flotte tenorstemme og sin heilt unike sjarm. Han har i tillegg ein solid CV i ryggen med over 70 roller ved operaen i Norge og Tyskland. Han har også motteke fleire prisar, og jobbar i dag som regissør for operaoppsetjingar, heiter det i pressemelding.

Olve Haugen frå vestsida er årets nykommar som har hoppa av frå livet som kokk og satsar no på sangutdanning ved Griegakademiet i Bergen.

Del ditt arrangement her

– Konsertens stødige pianist er Torgeir Kinne Solsvik frå Kvam, med topp utdanning frå Griegakademiet og Conservatorium of Music i Sydney. Han jobbar fulltid som pianist, organist, komponist og kordirigent, heiter det vidare i meldinga.

Håkon Widding er ein svært musikalsk mann som har vore sentral på mange konsertar. Han har vore med på Maria sine konsertar mange gonger før, og han skal berika publikum med sitt flotte gitarakkompagnement i år også.

– Rannveig Djønne er også eit velkjent namn i musikkens verden, med sine vakre eigenkomponerte melodiar - og heilt særegne måte å trylla vakre tonar ut av toradaren. Ho har også vunne fleire prisar og er ei allsidig dame, står det i meldinga.

Lofthus sin eigen Harald Alvavoll har teke seg fri frå ciderproduksjon, og skal fylla kyrkja med mektig, mjukt og vakkert trompetspel i år.

– I tillegg er me så heldige å ha med oss 19 barn frå Opedal skule, leia av Randi Johannessen. Ho vann årets Veslefrikkpris for nyskapande komponering med elevar frå Opedal skule. På julekonserten bidreg ei ny gruppe sprudlande barn med to flotte innslag i samsang og samspel med resten av ensemblet, heiter det i pressemeldinga.

Arrangør Maria Digranes bidreg også med sang, og gler seg stort til å spre julestemning med årets flotte bukett med musikarar.


Send oss tekst og bilder «

Bidra til Ditt Hardanger! Vi oppfordrer deg til å fortelle om arrangement du har vært på.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken