Morten Jentoft til senioruniversitetet denne veka

Av
DEL

Ditt hardangerMarsmøtet i SU er torsdag 14.03.19 på Meieriet kulturhus.

OBS ny tid denne dagen: kl 11:00

Førelesar er Morten Jentoft – forfatter og journalist som har jobba mange år i NRK, m.a. I NRK-Finnmark. Men han er kanskje mest kjend som utsendt NRK-medarbeidar i Finland, Polen, Russland og dei andre tidlegare Sovjet-landa.

Han har skrive 6 bøker – den siste kom i 2018: «FINLAND 1918»

Med denne boka bringar han fram i ljoset forteljinga om den kanskje mest dramatiske hendinga i nyare nordisk historie: 37000 finnar vart drepne i eit blodig oppgjer om makta i vårt austlege naboland hundre år sidan.

To norske ambulansar vart sende til Finland. Forteljingar frå dei som var med der er utgangspunktet for boka.

Den finske borgerkrigen er i dag eit nesten ukjent kapittel for mange. I Finland er den framleis eit både kontroversielt og følelseslada emne, mens den i Norge skulle få sterk betydning for m.a. Arbeiderrørsla. Han skal òg snakka til oss om korleis Finland kom seg over det som skjedde for 100 år sidan.

Norli bokhandel i Odda kjem og sel boka under møtet, og de kan få den signert

Jentoft er ein god formidlar både muntleg og skriftleg.  Vel verdt å kome å høyre på. Hjarteleg velkomne til folk i alle aldre, både medlemer og andre .

Etter førelesninga/matpause vert det årsmøte.

PS: Det var ein liten feil i HF  på sida Fjord-Fonn sist måndag - der står omtala den som kjem i april, Svein Ivar Angel.

Send oss tekst og bilder «

Bidra til Ditt Hardanger! Vi oppfordrer deg til å fortelle om arrangement du har vært på.

Artikkeltags