Drypp frå arkivet - Gro om Gro

Av
DEL

Ditt Hardanger  Kraftmuseet er 30 år, og vil presentera «Drypp frå arkivet» ein onsdag kvar månad. Denne onsdagen er det Gro om Gro, eit kåseri av Gro Kollbotn om Gro Holm.

Ho var den mest kjende forfattaren frå Odda, før Frode Grytten kom og tok tittelen. Gro vaks opp på Prestegarden i Odda, og hadde eit rikt og spanande liv som samfunnsengasjert skribent, og seinare som kona til ingeniør, kunstmålar og arkitekt, Olav Holm. Dei budde i fleire år i utlandet, og vart sett på som ekte bohemar då dei flytta tilbake til Odda i 1920.

Ho var nært knytta til bondekulturen i Hardanger. Den mest kjende boka hennar, er historia om Løstølsfolket, som i si samtid vart oppfatta som det vi i dag kallar verkelegheitslitteratur. Fedre brann bøkene hennar, så ikkje døtrene skulle lesa dei. I 1999 mottok museet ein heil skatt frå familien, og kunne då berika oss på kunnskap om livet og virke til oddaforfattaren. Velkomen til Buen i museumshagen i Folgefonngata på onsdag klokka tolv.

Send oss tekst og bilder «

Bidra til Ditt Hardanger! Vi oppfordrer deg til å fortelle om arrangement du har vært på.

Artikkeltags