Arrangerte idédugnaden «Levande lokalsamfunn»

Av

Vel 30 menneske møtte på idédugnaden «Levande lokalsamfunn» med Ove Jakobsen og Vivi Storsletten frå Nord Universitet i Bodø, arrangert av Hardangerakademiet i Jondal 11. og 12 januar.

DEL

Innsendt(Ditt Hardanger): Deltakarar kom frå Jondal, Odda, Ullensvang, Kvam og Bergen, nokre unge, flest godt vaksne, ein ordførar og to varaordførarar, ein nærast ideell gruppe for denne dialogformen.

Ove Jakobsen heldt først eit foredrag om Økologisk økonomi som grunnlag for levande lokalsamfunn, eit alternativt basert meir på folkeleg engasjement og kompetanse, lokale ressursar, samarbeid og desentralisering enn konkurranse, sentralisering og toppstyring. Lysarka frå foredraget ligg på Hardangerakademiet si heimeside og ein video på facebooksida.

Kva kan skape lokalt engasjement for å byggje berekraftige lokalsamfunn?

Etter foredraget danna deltakarene ein stor sirkel, og dei som ville, fekk kome med framlegg til tema å drøfte i grupper. Tema var frie, det er poenget i Open Space/Ope rom typen dialog, med fokus på kva kan skape lokalt engasjement for å byggje berekraftige lokalsamfunn, eller som oppgåveteksten lydde: «Korleis skape engasjement og deltaking for å utvikle livskvaliteten i samfunnet – i samspel mellom berekraftig miljø, levande kultur og livskraftig økonomi?» Mange hadde framlegg til tema. Her er nokre av dei ein samla seg om:

Korleis ta vare på og skape levande møteplassar?

Den gruppa kom m.a. med flg framlegg:

- Bygdemøte i samarbeid med lokale lag i dei tre kommunane om aktuelle tema i bygda, der ein nyttar ulike dialogformer. Ei økt med fri samtale mellom folk rundt borda etterpå. Møta skal også vere underhaldande, med godt rom for kultur – konsert, kunstutstilling, lyrikk, basar.

- Hardangerakademiet kan tilretteleggja med opplæring/rettleiing i ulike dialogformer.

- Eit tilsvarande, større møte ein gong i året der innbyggjarar frå alle tre kommunane er inviterte.

Korleis verne om dei immaterielle verdiane me har rundt oss?

Denne gruppa snakka om kulturminne, biotopar, økosystem, relasjonar, eventyr, segner, slekta, arvesølv, odelsrett, lokaløkonomiar, lufta vi pustar i og hjarte som slår. Lista er lang, verdiane sårbare. Eksistensiell verdiar og mestring er viktige nøkkelord.

- Verdsette og fokusere på, formidle og skape relasjonar til plassane, folka og miljøet ein lever i.

- Organisere turar med vaksne og barn, guide og orientere om dei immaterielle verdiane.

- Skape fora for å fortelle lokale historier og segner. Lære om Polly Higgins, «Naturens advokat».

- Fleire torgdagar med lokale initiativ, byttesal som i Totnes i England.

- Sjå tilbake på klyngetunet, er det ein samfunnsmodell me kan hente inspirasjon frå i dag?

Korleis halde på folk som flyttar til kommunen?

Hus, arbeid, barnehage og skule er avgjerande for at folk kjem flyttande, men ikkje nok for å få folk til bli. Ein treng å verta knytt til folk, kjenna et ein høyrer til i eit fellesskap, arenaer der ein kan kjenne at ein blir sett og verdsett. Idear frå gruppa:

- Fest for innflyttarar – ein gong i året?

- Informasjon frå kommunen og lag og organisasjonar.

- Fadderordning for nytilflytta.

- Sikra at det er mogleg å leige hus.

- Kan kommunen skipa til kurs : Korleis ta imot nye naboar?

Kva rolle kan Hardangerakademiet og Jonatunet ha?

Nokre såg Hardanger som eit perfekt «laboratorium for forskning om lokaldemokrati» og viste til Sveits, der FN sine milleniummål har skapt ideen om dialogsentre i kvar kanton, der det offentlege, næringsliv, lag og organisasjonar møtest for å drøfte berekraftig utvikling.

- Jonatunet , eit dialogsenter for utvikling av berekraftige lokalsamfunn/Nye Ullensvang ?

- Jonatunet, ein møteplass for wwoofarar, frivillege ungdommar frå ulike land som arbeider i økologiske verksemder i Hardanger.

Eit par andre tema vart også drøfta, m.a. Korleis skape eit breiare mangfald av buformer? Engasjementet var stort, både i gruppene og i plenum, og det myldra med idear og folk vart inspirerte. «Du skulle ha vore der!» kan ein seie etterpå. Ein sak er lysark, video og referat, noko heilt anna er å oppleve engasjerande førelesarar og ivrige deltakarar, spørsmålsrundar, stemninga og kveiken slike samlingar gir. Førelesarane sa seg villige til å komme attende med fleire og lengre økter. Dei reiser for tida heile landet rundt og organiserer slike dialogsamlingar.

Send oss tekst og bilder «

Bidra til Ditt Hardanger! Vi oppfordrer deg til å fortelle om arrangement du har vært på.

Artikkeltags