Herand Musikklag feirer 60-års jubileum

Av
DEL

DITTHARDANGER Herand har, med sine knappe 250 innbyggjarar, hatt korps i bygda i heile 60 år. Og det er det god grunn for å markera skikkeleg! Laurdag 9.november inviterte jubilanten bygdefolk og andre til konsert og flott feiring i Herand Kulturhus.

Ein festpynta gymsal vart fyllt med om lag 100 gjester, som etter eit par feiande marsjar, noko litt rolegare musikk og til slutt Oregon, eit musikkstykke for korps av Jacob de Haan, også fekk servert middag og kaker. Haldor Tuvin, trufast korpsmedlem, fortalde historia om då korpset vart stifta, og blant dei spesielt inviterte gjestene var tre av dei som skal ha æra for at eit korps såg dagens lys i bygda.

Programverten var Øyvor Bakke, som sjølv har spelt i Herand Musikklag i mange år. Med utgangspunkt i bilete fortalde ho litt om ulike hendingar opp gjennom åra, og med sin naturlege måte å leia på, fekk ho fleire av gjestene til å koma med utfyllande kommentarar.

Tidlegare musikantar var inviterte til å vera med å spela saman med korpset. Arild B. Nielsen er dirigent, noko han også har vore i ein lang periode tidlegare. Han kastar alltid glans over konsertar, og i andre avdeling av konserten var han solist på "Helo Dolly", både vokal og på trompet.

Ein jubilant får alltid gåver og gode ord - så også eit korps som jubilerer. Her vanka både blomar og pengegåver, og korpset sjølv nytta høvet til å dela ut blomar til både dei fyrste musikantane og til tidlegare dirigentar.
Det er med korpset som med idrettsutøvarar; så snart ein har lagt noko bak seg, ser ein framover mot neste mål. No er festen over, og julerepertoiret skal øvst inn.

Bla deg gjennom bilda frå konserten øvst i artikkelen.

Send oss tekst og bilder «

Bidra til Ditt Hardanger! Vi oppfordrer deg til å fortelle om arrangement du har vært på.

Artikkeltags