Verdt å lytta til og læra om, enten ein er klima-alarmistar eller klima-realist

Av

Vannplaneten Tellus og noen faktiske paradokser. Januarmøtet i Senioruniversitetet 30/1 - 2020 kl 11:30 på Iris Scene

DEL

Ditt Hardanger «VANNPLANETEN TELLUS – OG NOEN FAKTISK PARADOKSER.»
med Martin Hovland

Tellus er det vitenskapelige på kloden vår.


Vi kaller den Jorda i daglegtale, men over 70% av overflata er dekka av vatn, så den er mest ein vassplanet Av dette vatnet igjen er under 10 % kartlagt.


Men i dei restarande 90 % av vatnet oppdagar ein stadig nye utruleg, spennande ting. Eit døme er superkritisk vatn, ein uhyggeleg ting, så langt, men også ei «grøn» energibombe menneska prøver å temja.
Noko av dette er det geofysikaren Martin Hovland skal fortelja oss om på januarmøtet i Senioruniversitetet torsdag denne veka.

Når yngre generasjonar i familien lurar på kva dei vil utdanna seg til i framtida, så kan du t.d. fortelja dei om eit spennande føredrag på SU – om havforsking som inkluderer ei breidt spekter frå marin geofysikk, havbotnen sin geologi og havet sin kjemi og biologi, havnivå, pluss samanheng med klima.


Fortel dei at du fekk vita om utruleg spennande ting i djupet der nede, nyoppdaga ting. Til dømes om sprell levande miljø rundt varmtvassventilar frå jordas indre på fleire tusen meters djup, i beksvarte mørkret, totalt ulikt frå livet på overflata. Og at det kanskje var nett i slik miljø at livet på jorda oppstod.
Veldig ,veldig spennande, og mykje forsking og kartlegging gjenstår. Jobbar for framtidige generasjonar.
Samstundes som ein forskar, finn ein meir og meir ut samspelet om heile kloden, om klimaet og miljøet her, og korleis ting heng i saman både over og under havoverflata.

I føredraget skal vi litt både over og under havflata, og inom klima sia det er eit dominerande tema uansett kor vi snur oss når det gjeld naturvitenskap. Særleg opptek dette dei unge, og det skal me ta til oss.


Vi kjenner ikkje kompleksiteten i klimasystemet så godt som vi trur. Klimaendringer er eit uhyre komplekst og mangfaldig forskingsområde. Ein har gjort det for enkelt i dagens debatt, seier nokon.


Dette er ting verdt å lytta til og læra om, enten ein er klima-alarmistar eller klima-realist, eller kanskje ikkje heilt veit kva ein skal tru.

Arnhild Bleie - leiar

Send oss tekst og bilder «

Bidra til Ditt Hardanger! Vi oppfordrer deg til å fortelle om arrangement du har vært på.

Artikkeltags