Bilulukke i Dimmelsvik

DEL

(Kvinnheringen) Rundt kvart over tre blei det meldt om ei bilulukke i Dimmelsvik, nær Kvinnherad Energi. Alle naudetatane rykte ut til ulukkesstaden.

Først gjekk meldinga ut på at ein bil hadde køyrt i fjellveggen, men det viste seg at føraren skal ha køyrt opp på ein kant slik at bilen velta og låg på sida i vegbana, melder Vest politidistrikt sin operasjonssentral.

Føraren, ein mann i 50-åra, var åleine i bilen og var bevisst etter ulukka. Han kom frå det utan store skadar, og blei teken med til legevakt for sjekk. Politiet mistenkjer promillekøyring.

Trafikken blei omdirigert opp i dalen medan etatane jobba på ulukkesstaden.

Artikkeltags