Det går rykte om at folk samlast til fest — slik svarer politiet

Politiet i Hardanger oppmodar til å følge dei råd som myndigheitene har gitt. — Unngå å samlast, skriv dei.

DEL

I ei melding på Facebook tysdag tar politiet i Hardanger opp at dei har høyrt rykte om at det går føre seg festar og samankomstar, både blant unge og vaksne, i distriktet.

— I desse tider er det (livs)viktig å følge dei råd og påbod som blir gitt av helsemyndigheitene, slik at ikkje fleire blir smitta. Hald derfor avstand til andre menneske, og unngå å samlast på festar og liknande.

Dei viser til at vi alle har eit ansvar for å avgrense konsekvensane av virusutbrotet.

— Vi vil samtidig nytte høvet til å takke alle som tar situasjonen på alvor og dermed bidrar til å avgrense smitten. Stå på, skriv dei.

Artikkeltags