Den gamle konsesjon til kraftutbygging av Røldal-Suldal vassdraga var gitt i ei tid då staten tok svært lite omsyn til natur og lokalsamfunn i slike saker. SV meiner det no er viktig med ein grundig revisjon og å fylgje opp tidlegare lovnader og føresetnader i det vidare arbeidet. Difor kjem SV til å støtte Raudt sine forslag i Stortinget 31. januar.

Multiconsult sin undersøking av kvaliteten i konsekvensutgreiingar i 2021, synte at det er vanleg med store manglar i miljørapportar gjort på oppdrag for konsesjonærar og utbyggarar. Multiconsult sine funn bør etter vår meining føre til skjerpa kvalitetssikring av kunnskapsgrunnlaget i store revisjonssaker som denne for Røldal-Suldal vassdraga.

Direktøren i Lyse DA fortel om gode prosessar og godt samarbeid med involvering av lokalsamfunnet i denne saka i Hardanger Folkeblad 24. januar, men det er ei anna forteljing som har kome fram i høyringssvara og dei mange e-postane som har kome til komiteen siste månaden.

No har NVE starta revisjonen og Stortinget har vedteke at regjeringa skal sjå til om det er spesielle tilhøve som tilseier etablering av næringsfond eller andre økonomiske vilkår i samband med revisjonssaka. SV ventar difor at staten gjennomfører revisjonen på grunnlag av oppdatert kunnskap og målet i vannressurslova om at vassdragstiltak skal planleggast og gjennomførast slik at dei er til minst mogleg skade og ulempe for miljøet, allmenne og private interesser.

Regulerbar vasskraft har ei viktig rolle med å levere balansekraft i kraftsystemet. Høge energiprisar har gjort Røldal og Suldal anlegga til ei gullgruve for konsesjonæren, og etter vårt syn skjerpar det kravet om å gjere miljøforbetringar som monnar i denne saka

Folk i bygdene har sett fram til heimfall og revisjon av konsesjonen, og med det eit høve til å få ein skikkeleg gjennomgang av konsesjonsvilkår og «lokalsamfunnskontrakten». Men i mellomtida har Stortinget gjort fleire lovendringar mellom anna som fylgje av Hydro sin klage til ESA og påfylgjande EFTA-dom. Lokalsamfunna sine juridiske rettar har blitt svekka. Retten til å få gjennomføre etterskjøn er til dømes teken bort og erstatta med ein rett til å gå til søksmål for å få nytt skjøn. Den økonomiske risikoen er dermed flytta frå konsesjonær og over på grunneigarane.

Dei mange høyringsinnspela energi og miljøkomiteen har motteke i denne saka syner at desse endringane strir mot rettskjensla til svært mange. SV meiner difor at regjeringa bør sjå på lovene og vurdere desse på nytt for å vareta miljø og lokalsamfunnsinteressene betre i framtida. For dei det gjeld er det snakk om grunnleggande menneskerettar, om å bli teke omsyn til, og om å få rettferdig kompensasjon for tapa som lokalsamfunnet er påført.

Det er ulikt maktforhold mellom store konsern og små lokalsamfunn, difor må vi ha lover som også sikrar rettane til lokalsamfunna og ha ein lovpraksis som etterlever dette. Vi meiner staten har eit særskilt ansvar for å vareta natur og lokalsamfunn som ofte ikkje har ressursar til å ta saker til retten.

Å ta meir omsyn til lokalbefolkninga og tradisjonell bruk av areal, er også eit viktig punkt i den nyleg underskrivne naturavtalen. Vi meiner at det er viktig at grunneigarar og lokalsamfunn bør få vere representerte i revisjonsprosessen med sin lokalkunnskap tidleg i prosessane. Dette ville kunne redusere konfliktnivået, effektivisert prosessane og bygge den viktigaste verdien av alle, tilliten mellom folk og styresmakter.