Desse planane blei stoppa av kommunen — konsulenten har aldri opplevd at noko liknande har skjedd

Grunneigarane meiner dei har eit forslag som ville skape ein heilskap i området på Øvre Seljestad. Sjølv om dei utforma sine planar i tråd med kommunen sine overordna planar for området, blei dei i fjor tilrådd av lokalpolitikarane å vente på arbeidet med ny arealdel i kommuneplanen. Det arbeidet har endå ikkje starta.