Gå til sidens hovedinnhold

Desse elevane skal ikkje møte på skulen måndag

Ungdomsskulane i kommunen skal ha heimeskule måndag 4. januar.

Det melder ordførar Roald Aga Haug i ei pressemelding søndag kveld.

Kommunen har gjort ei vurdering etter at regjeringa presenterte ei rekke nye smitteverntiltak søndag. Eitt av desse var å heve nivået på ungdomsskular og vidaregåande skular til raudt nivå.

Ungdomsskuleelevane i Ullensvang skal måndag koble seg på digitalt klokka 11.30 for å få konkrete planar for dei neste vekene.

- I tillegg vil også foreldre/føresette få meir detaljert informasjon i løpet av dagen, med avklaring for korleis undervisninga blir framover, skriv ordføraren.

Han skriv at vurderinga er gjort preventivt for å tilpassa smittevern for ungdomsskulane, jf. dei nye nasjonale føringane.

- Barnehagar og barneskular/barneskuleelevar er ikkje omfatta desse innstrammingane. Og skal følga innarbeidde smittevernråd som tidlegare, skriv han.

Her kan du lese meir om dei nye nasjonale reglane og anbefalingane.

Kommentarer til denne saken