Gå til sidens hovedinnhold

Designarane bak dette rosa gliset stakk av med 1. premien

Kinsarvik skule har arrangert konkurranse blant elevane på ungdomsskulen denne veka. Det heile gjekk føre seg ute i snøen. Kvar klasse hadde idémylding og laga skulpturar som dei døypte. Det var lov å ta i bruk to lauseffektar, der ein effekt kunne vera fargelegging. Rektor ved Kinsarvik skule, Dagny Opedal, kan stolt visa fram ei rekkje fargsprakande og kreative snøfigurar. Fredag kåra eit dommarpanel ein snedden rosa bil som vinnar. Bak det rosa gliset står elevane i 9 a. Klassen vil få få servert premien etter lunsj i komande veke.