Derfor testar dei ikkje alle for korona: - Det er sannsynleg at vi har smitte i kommunen

Ordførar Roald Aga Haug, kommuneoverlege Daniela Brühl og smittevernlege Steinar Jacobsen.

Ordførar Roald Aga Haug, kommuneoverlege Daniela Brühl og smittevernlege Steinar Jacobsen. Foto:

Fleire har lurt på kvifor dei ikkje blir testa for Covid-19 i Ullensvang. Ordføraren svarer at dei må prioritere for å ikkje gå tom for testar.

DEL

HF har fått inn fleire spørsmål frå lesarar som lurer på kvifor ikkje alle med symptom, eller alle som jobbar i helsevesenet med utsette grupper, blir testa for Covid-19 i Ullensvang kommune.

Ordførar Roald Aga Haug opplyste onsdag at 45 personar så langt er testa i kommunen. Det er no berre 40 testar igjen, men måndag skal dei få 200 hurtigtestar.

- I dag har kommunen 40 testar igjen. Det er nødvendig å halda seg til tilrådingane for å ikkje gå tom for testar. Difor er det i dag nødvendig å følga dei prioriteringane FHI har for prioritering av testing, seier ordføraren.

Det er for tida 11 legar i kommunen som er i karantene.

- Truleg nokon som er smitta

Det er ikkje påvist smitte i Ullensvang så langt, men sidan folk med symptom blir bedt om å halde seg heime, og mange ikkje blir testa, er sannsynlegheita stor for at det allereie i kommunen som er smitta. Det stadfestar Aga Haug.

- Ja, det er er sannsynleg at vi har smitte i Ullensvang kommune som ikkje er påvist. Men no kjem vi i ein fase av utbrotet der testing får mindre betydning. Det blir no lagt meir vekt på å identifisere dei med alvorlege sjukdomsbilete, samt eldre, kronisk sjuke og helsepersonell med akutte luftvegssymptom, seier han.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken