To elevar står med mikrofon på ei scene framfor ca. 100 medelevar på ein barneskule i vestre del av byen Auckland på New Zealand. Elevane i klasserom 26 er rundt ni år gamle, og er vertskap for alle elevane på fellessamlinga dei har ein gong i veka. Det er song, musikk, info og utdeling av diplom.
Elevane får prisar dersom dei har vist fram skulen sine verdiar den siste veka. På den måten trekk dei fram gode forbilde. Elevane, hovudsakleg av Maori og Pasific- opphav, sitt roleg og disiplinert på teppegolvet og klappar og ler ilag.
Dette til stor kontrast for berre tre veker sidan. Då var skulen samlingslokale for familiar som vart driven bort frå husa sine av flaum og uvêr. Røde Kors, helsepersonell, utstyr og fasilitetar, vaskemaskiner blei køyrt inn, og skulen fungerte som ein heim for dei som trengde det mest. Ministrar og politikarar kom på besøk for å møta dei som hadde ei tøff tid.
Stolt rektor Sharon fortel oss dette på personalsamling på lunsjrommet. Utafor er det som ein god dag i Bergen. Regnet høljar ned.
Lille Mari på 5 md., kona Kristin og meg, Anved Kvammen frå Lofthus, er innom denne skulen dag i samband med frua sine masterstudium, lærarstudiet og matematikk gjennom Universitetet i Tromsø, avd. Alta. Alta i nord, det er der me bur.
Kontrasten mellom minus 17 og pluss 30 er stor. Normalt ville me reist innover Finnmarksvidda med hund, snøscooter og ski på denne tida. Så langt her på den sørlege halvkule har me køyrt slalåm mellom sol, nesten solbrent og å unngå overoppheta barnevogn, til stengde og utrasa vegar mellom kjente ferieparadis me heldigvis ikkje hadde booka på førehand. 30 timars flyreise, og heldigvis er vesle Mari god på å sove under flysetet.
Like før avreise høyrde me på nyheitene om syklon og ekstremvêr og ein oversumt flyplass, tilfeldigvis akkurat der vårt fly skulle lande. Me håpa på god tørk før vår framkomst. Landet tok i mot oss som ein varm norsk sommar, og døgnet måtte snus, NZ ligg 12 timar framfor Norge i tid. For oss verka landet heilt upåverka av stormen som hadde vore.
Våre venner og medstudentar kom dagen etter. Me hadde med oss telt, og første natta vart på ein camping ved ein liten by med namn Cambridge og Lake Karapiro. Framleis sol og sommar, men nyheitene begynte å melda om ny syklon på veg. Stormen hadde fått namnet Gabrielle.
Under stormen Gabrielle oppheldt me oss ved Bay of Plenty og kystbyen Tauranga. Teltet var pakka ned i leigebilen og folket innkvartert i BnB. Utafor stod regnet sidelengs mellom palmetrea.
Me gjekk tur langs stranda og hadde planar om ein tur opp på «byfjellet». Fjellet ved havet var stengt av, og rednings- og beredskapspersonell patruljerte gatene og strendene og anbefalte oss å halde oss unna stranda på flo sjø nokre timar fram. Dei forventa bølgene inn over gater og land. Den tropiske stormen sto me av, men me måtte køyra et godt stykke lenger sør forbi Okere Falls på retur til Auckland. Dette kom av at mange vegar var stengt på grunn av ras og falne trær.
Auckland og området rundt er vår destinasjon for reisa. Auckland er NZ´s største by på ca. 1 mill. innbyggjarar og den største innfallsporten til NZ dersom du kjem med fly. I sjølve byen er det lite å merke til uvêret som har vore. Men når me pratar med folk eller prøver å skaffe overnatting blir det tydeleg. Storm og flaum har gjort det vanskeleg for mange å bli i heimane sine, og dermed blir alt av utleige fylt opp raskt. Kanskje forsikringane til folk dekker mellombels overnatting? Nord- og vestlege område er ramma mest.
Me blir ikkje anbefalt å køyre på småvegar, og mange stadar er vegane øydelagt av flaum og stengt. Ferie-delen av opphaldet har dermed blitt redusert og vanskeleg med ein 5 md. lite barn når antalet timar i bil er lurt å halde på et minimum. I samtale med reisebyrået viste det seg også vanskeleg å framskynda retur til Norge, rett og slett fordi mange turistar prøver å korte ned opphaldet på grunn av forholda etter uvêret. Flya er fulle.
Likevel har me det heilt fint. Me har hus, telt, mat, bil me køyrer rundt i, og alt av studiearbeid er fullført med hjelp av trivelege Kiwis (New-Zealendere). Samtidig er det tusenvis av folk i området rundt oss som har mista hus og heim, fleire har mista livet og er sakna. Oss nordmenn er heldige som har eit vanvitig sikkerheitsnett som omkrinsar oss med alskens forsikringar og staten som følger opp.
Dette ser me også her på New Zealand at stat og styresmakter, og dessutan lokalsamfunna støtter opp og hjelp kvarandre. Vår reise nærmar seg slutten og me takkar for interessante og lærerike opplevingar i eit spennande land.