Gå til sidens hovedinnhold

Den koronasmitta på Rosendalstunet hadde fått første vaksinedose

– Viser at det er trong for smitteverntiltak sjølv om ein vert vaksinert, sa kommunedirektøren under ein pressekonferanse torsdag. Der blei det òg minna om at dette ikkje er tida for å ta seg ein fest.

(Kvinnheringen)

Torsdag morgon inviterte kommuneleiinga og lensmannen til ein digital pressekonferanse i samband med smittesituasjonen i Kvinnherad. Ni personar er no registrert smitta sidan 1. april, og situasjonen er uavklara.

– Me står i ein meir alvorleg situasjon no enn vi gjorde før påske. Dette breier om seg, i særleg grad blant ungdom, innleia ordføraren.

Onsdag blei det kjent at ein tilsett ved Rosendalstunet har fått påvist koronasmitte, og ei avdeling vart stengd som følgje av dette. Kommunedirektør Ragnhild Bjerkvik sa at alle alarmklokker ringer når ein får ein sånn beskjed, og at det er dette ein har frykta heile vegen; nemleg at det skulle koma smitte inn på institusjonar.

– Men vi er elles betre skodde no enn vi var tidlegare, i og med at ein har ei stor grad av vaksinerte tilsette og bebuarar i heimane. Dette er likevel ein situasjon vi tar på høgste alvor, og vi gjer alle tiltak vi kan. Avdelinga er skjerma, pårørande og ti nærkontaktar er sett i karantene, det er brukt hurtigtestar, og vi har personell på jobb der vi treng det, sa ho.

Les også

Tilsett ved sjukeheim testa positivt

Fått første dose

Den tilsette med påvist smitte hadde fått første vaksinedose.

– Det viser at det er trong for smitteverntiltak sjølv om ein vert vaksinert. Vi kan ikkje lena oss tilbake, sa kommunedirektøren.

Kommuneoverlege Glenn A. Opland la til at effekten av vaksinen aukar svært mykje når også dose to er sett.

Han fortalde elles at det no er rundt 100 nærkontaktar og like mange i ventekarantene som følgje av dei ni positive smittetilfella i kommunen.

– Dei positive tilfella er knytt til tre ulike smitteopphav; det er éin som ikkje er fast busett her, det er mistenkt smitte frå nabokommunen og det er ein smitteklynge her i kommunen, sa han.

Opland sa at dei famnar breitt i å avgrensa smitten i å spreia seg, og at også nærkontaktar av nærkontaktar skal i karantene.

– Det er ein stor fordel at folk tenker nøye over kven dei har som nærkontaktar og kor mange. Det bidreg til å avgrensa smitte, og gjer jobben med smittesporing monaleg enklare.

Ikkje tida for fest

For å vera på den sikre sida, bad han òg folk som har vore på Peppes Pizza på laurdag 3. april om å testa seg viss dei får symptom.

Kommuneoverlegen nytta òg høvet til å gi ros til personellet på teststasjonen.

– Dei gjer ein kjempejobb, sa han.

Han minna nok ein gong om smittevernhygiene og avstand til andre, og at ein held seg heime ved sjukdom.

– Dette er ikkje tida for å ta seg ein fest.

Og det hadde lensmann Sigurd Børve også litt å seia om.

– Vi ser at det har kome mange uromeldingar etter påske om ungdommar som har vore samla i større grupper enn dei nasjonale reglane tilseier, og der ein møter nye venner kveld etter kveld, sa han.

Børve la til at hovudfokuset til politiet ikkje er å springa etter folk for å straffa dei, men først og fremst å oppmoda sterkt til å følgja nasjonale og lokale reglar for smittevern.

– Og så finst det ris bak spegelen dersom nokon grovt aktlaust bryt reglane for til dømes isolasjon og karantenepålegg.

Enn så lenge har ikkje politiet gitt bøter.

– Det skal vera høg terskel for straff, hovudfokuset er å førebyggja. Men vi har gitt nokre pålegg, fortalde Børve.

Les også

Stenger restauranten etter smitte

Kommentarer til denne saken