Vêret kan endra seg raskt og akkurat kor nedbøren kjem, er usikkert, ifølgje varselet som ligg på Yr.no.

Lokalt er nedbøren venta å passera 15 millimeter per time. Dermed er det igjen fare for overvatn i tettbygde område.

På Yr.no er det oppført mest nedbør i perioden mellom klokka 12.00 og 14.00 måndag, både for Odda og Jondal.

I varselet ligg desse oppmodingane og moglege konsekvensane:

Oppmoding

Hald deg oppdatert om utviklinga av vêret og vêrvarselet. Følg med på vêrradar. Hald deg unna bratte skråninger, og dessutan bekkar med stor vassføring. Reinsing av dreneringsvegar og stikkrenner vert tilrådd slik at vatnet kan renna unna. Sjekk vegmeldingar (175.no). Tilpass farten og køyr etter forholda. Unngå unødvendig ferdsel utsette stader. Ikkje køyr bil i vatn djupare enn 30 cm.

Konsekvenser

Fare for overvatn i tettbygde område, lokale oversvømmelsar, bekke- og elveløpsendringar, jord- og flaumskred der regnbyene treffer. Fare for stengde vegar og/eller overvatn ved bekke- og elveløp. Lokalt vanskelege køyreforhold grunna overvatn og fare for vassplaning.