- Etter at siste ferja har lagt til kai, kor skal folk køyra då? Me har heimehjelp, andre som skal på jobb, hotellgjester og andre, seier Borge.

Ho har fått nokre telefonar etter at det vart kjend at Statens vegvesen kjem til å stenga riksveg 13 i Deildo heilt, frå fredag 2. februar til og med måndag 5. februar: Riksveg 13 vert stengd ei heil helg

Ordføraren har pressa på og fått til eit spleiselag med Statens vegvesen, slik at det vert sett inn ein båt som kan ta 11 passasjerar.

Kurt Sollesnes kjem med båten sin Pilagutt frå Jondal.

- Han går fort. Kvar tur mellom Børve og Lofthus kjem berre til å ta mellom åtte og ti minutt, reknar Borge med.

Her er rutetidene for avgangar med Pilagutt:

                          frå Børve                                                     frå Lofthus

Fredag   19.30   21.00   23.50                                              19.10   20.30   23.20

Laurdag   11.00   13.00   19.30   21.30   23.30                     10.40   12.45   19.10   21.00   23.00

Søndag    11.00    19.30    21.00   23.50                              10.40   19.10   20.30   23.20

- Dette er eit lite tilbod for at det ikkje skal vera heilt stengt, ei naudløysing, seier Borge som er oppteken av at ein skal koma seg til og frå, også etter at ferjene har slutta å gå.

Den siste ferja går frå Utne til Kinsarvik klokka 18.15 om fredagane og klokka 17.15 laurdagar og søndagar no om vinteren.