Dei vil ha dei brukte vinterkleda dine

Samlar inn: Vinterklede til barn og unge kan leverast her, hjå Bymisjonen.arkivfoto: Sondre Lingås Haukedal
Kirkens Bymisjon og Odda sokn samlar inn brukte klede til barn og unge, til ein bruktmarknad i haust.
Kirkens Bymisjon og Odda sokn skal i haust samarbeida om å arrangera bruktdag for vinterklede og sko.
– Dette har vi ikkje prøvd før, og vi ønsker derfor å konsentrera oss om barn og ungdom denne gangen, skriv arrangørane i ei pressemelding.
– Vi har alle flotte klede og sko liggande, som barna har vakse ut av, men som har mykje bruksglede igjen, skriv dei vidare.
I den samanheng ønsker dei å samla inn brukte klede, som vil bli gitt vekk på ein bruktdag på soknehuset i Odda laurdag 12. oktober.
– I første omgang inviterer vi folk til å levera inn vinterklede og sko til Kirkens Bymisjon.
Dei held til i dei gamle lokala til vinmonopolet i Eitrheimsvegen.
– Vi held ope på dagtid, og det er sjølvsagt viktig at kleda er heile og reine, skriv dei.
Derfor oppmodar Odda sokn og Bymisjonen no alle til å rydda i skuffer og skap.
– Samtidig er ein med og støttar gjenbruk, skriv dei.
Kommentarer til denne saken