Kunstnarane flaug over Atlantaren 3. oktober for ein seks veker lang turné som startar på vestkysten og endar i aust og siste konsert i New York 8. november.

Med på turneen er også forfattar og litteraturvitar Katherine Jane Hanson frå Seattle i USA.

– Ringen er slutta. Me reiste til Seattle for å jobba ut denne framsyninga nettopp med Katherine som kjenner Hauge og diktinga hans veldig godt. Ho var med oss då turneen starta på Haugens heimplass Ulvik i fjor, no reiser me attende med det ferdige resultatet og startar USA-turné i hennar heimby Seattle der grunnlaget for RIT vart lagd, fortel Riber og Horvei.

Seinsumaren 2019 reiste dei to kunstnarane til Seattle for å laga manuset for framsyninga dei no altså returnerer til USA med. RIT hadde premiere i september i fjor, med både premiere, CD og bokslepp under poesifestivalen i Ulvik.

RIT er forma som ein monolog som vekslar mellom resitasjon, forteljing og song. Det har vore tett samarbeid mellom komponist, tekstutviklar, musikarar og sceneinstruktørar i produksjonen.

Målet har vore å utforska Hauge sitt draumelandskap og å føra publikum inn i tankar, kjensler og rom dei ikkje har gjesta tidlegare. Her skal ein vonleg «søkja lyden av det indre liv, der også stille er eit ynskje om endring. RIT teiknar ei utvikling med moment av humor, drama, angst, men og ei ro som byr på openheit, refleksjon, meditasjon og ei større oppleving av Hauge sin poesi».

Katherine J. Hanson har sidan hausten 2021 førelest for språkstudentar i Seattle med utgangspunkt i RIT-framsyninga, og alt 300 bøker og Cd’ar er reist over Atlanteren og fått bein å gå på der. Hanson vitja diktarhøvdingen i Ulvik fleire gonger, og er omtala i dagbøkene hans. Ho snakkar flytande norsk, og hadde og innleiande foredrag om Hauge sine dikt fleire stader der RIT vart framført i Norge. Ho var den fyrste som skreiv doktoravhandling om Hauge sin lyrikk, og vart tildelt Amboltprisen under Poesifestivalen i Ulvik i fjor for sitt bidrag for å fremja lyrikken hans.

Horvei og Riber vitja henne i Seattle og sette saman eit manus som utvikla seg til prosjekt RIT med konsertframsyning, CD-innspeling og bok. Boka er skriven av Katherine med kunstverk av Thomas Pihl. CD-en som er innspelt av Reidun og Inger-Kristine inneheld musikken og dikta frå framsyninga.

Dikta, frå Hauge sin ungdom til dei siste åra hans, er sett saman med tanke på ei forteljing i ein dramatisk boge. Det er fem scenar der kvar scene utgjer ei årstid. Forteljinga fylgjer dei skiftande årstidene og kartlegg også endringar og utvikling hjå diktaren og i lyrikken hans. Framsyninga opnar om hausten, flyttar seg inn i vinteren, etter dette kjem våren og sumaren, på veg til ein ny haust, ein syklus av gjenfødsel, vekst og innhausting.

– Kva mottaking av RIT forventar de i USA?

– Det vert spanande! Olav H. Hauge har mange fans der. Den norskætta poeten og forfattaren Robert Bly har vore ein god Hauge-ambassadør, og Katherine har hatt mange førelesingar om norsk litteratur. No og ein eigen rekke om Hauge si dikting. Ho er ein god ambassadør for dette prosjektet, svarar Riber og Horvei.

Nokon veit at dei kjem og ynskjer møta dei, for dei er allereie spurd om å halda førelesing om prosjektet RIT for litteratur- og musikkstudentar på to universitet langs turnéruta. Dei er og booka til intervjuavtaler både med avis og radiokanalar. Mellom anna skal dei få presentera Hauge og RIT i 30 minutt på ein radiokanal i framkant av ein konsert.

– Røtene griper dei med norske anar spesielt, trur eg, seier Inger-Kristine.

– Vi har jo vore i USA fleire gonger med Migrasong. Det var kjempekjekt. Dei høyrer oldemor sine songar, det var tydeleg at det gjekk rett heim, seier Reidun.

(«Migrasong - songane dei bar med seg over havet» er ei musikkdramatisk framsyning av Reidun Horvei).

No vonar RIT-duoen at dei med norske anar og andre vener av kunst og kultur frå Noreg, tek med andre vener for å oppleve Olav H. Hauge sitt univers slik det vert presentert i denne framsyninga.

– Står fleire felles prosjekt på beddingen?

– Ja. Når me kjem heim, byrjar me spela inn ein ny CD, og me har nye prosjekt neste år.

50 her, åtte der

– Etter å ha spela over 50 framsyningar på Vestlandet frå september 2021 - april 2022 pakkar me no kofferten for seks veker i USA. Turneen startar i Seattle og går vidare via Midtvesten og endar i New York, fortel Riber og Horvei.

I New York ventar scenografen for framsyninga, Thomas Phil som er professor ved universitetet i Bergen, men bur og arbeider over 50% av året i New York. I Seattle og omegn skal det vera tre framsyningar, i Midtvesten fire og i New York ein framsyning. Heile turneen er støtta av Kulturrådet og Fond for utøvende kunstnere.

Men altså - dei skal ikkje sjå vekk frå at ting kan koma til seg undervegs. To universitetsførelesingar er allereie på programmet.

Og avtalar om radiointervju og aviser allereie når dei landar i Seattle.

Publikum kan gle seg til innleiing ved Katherine J. Hanson, song ved Reidun Horvei og pianotonar frå Inger-Kristine Riber. Det er ho som har komponert musikken medan Ragnhild M. Gudbrandsen har regi og Thomas Pihl scenografi.

Utdrag av RIT: https://vimeo.com/726307780/ee6b2f6306

Her er nokre tilbakemeldingar på den særmerkte framsyninga:

«RIT er ei Konsertframsyninga er bygd opp kring fem bolkar knytt til dei fire årstidene – som byrjar med hausten og sluttar med hausten – og der kvar bolk har fått tittel etter fem av dei elleve versa i den vidkjende strofa til Hauge, «Det er den draumen». I innleiingsforedraget knyter litteraten Kathrine Jane Hanson desse bolkane saman med eit poetisk univers som finst i poesien til Hauge med vekt på tre topoi: elv, hav og berg. Slik framstår konsertframsyninga som ein tekstleg heilskap som Horvei og Riber fargelegg musikalsk.» (prof. emeritus Gunnstein Akselberg)

«Inger-Kristine Riber har komponert musikken. Og hun har skapt et mesterverk. Poesi og musikk glir sømløst i hverandre. Musikken følger ordene lag for lag, helt inn til kjernen, ja til selve livet.» (Svein Knutsen, Klassisk Musikkmagasin)

“Based on the Olav H. Hauge poem, Inger-Kristine Riber's beautifully crafted "RIT" is quite simply breathtaking and I'll be completely honest in saying that I found this to be both incredibly moving and an almost transcendental listening experience. With its profound melodic maturity and vivid lyrical poignancy, RIT combines sweeping melodic themes filled with delicate refinement and deft harmonic sophistication, this results in a deeply engrossing, highly reflective, and wonderfully emotive piece that serves as an endearing tribute to Olav's literary works." (Andre Avanessian, Radio Airplay)

Turnéplan:

19. okt Gatway Hall, Lynnwood, WA
22. okt Redlin Art Center, Watertown, SD
23. okt LEIF-festival, Norway House, Minneapolis MN
26. okt Gatway Hall, Lynnwood, WA
27. okt Samuel E. Kelly Ethnic-Cultural Center Theater, Seattle
3. nov. Northland Comm. & Tech. College Auditorium, Thief River Falls, MN
5. nov. Josephine Campbell Recital Hall, Grand Forks, ND
8. nov. Victor Borge Hall, New York, NY