Vil du vera med og dansa?

Bli med og dans! foto:hardingfela.no

Bli med og dans! foto:hardingfela.no

Artikkelen er over 3 år gammel

Kvar onsdag samlast 16 ungdommar i hallen for å dansa. Dei skipar til danselaurdag no fyrstkomande.

DEL

Det er eldsjelen Jan Helge Opheim som inviterer til kurs på føremiddagen.

– Me har sjølvsagt von om å få fleire med på onsdagane, men uansett er det kjekt om me kan få introdusert tradisjonsdans for fleire, seier Opheim.

Tilbodet er for dei på dei to siste stega på ungdomsskulen og for dei på vidaregåande.

Det kan jo henda nokon verkeleg får smaken på rytmar og steg som høyrer heime her - rheinlender til dømes.

Med seg på laurdag, har Opheim Anita Bråvoll på toradar og Magni Rosvold (frå folkedans i Hordaland) som danseinstruktør.

Opheim har eit ynskje: - Om nokon av ungdomane som var med meg til USA for seks år sidan er heime, hadde det vore kjekt om dei hadde vore med på laurdag. Det vert god inspirasjon.

– Kva skal dansarane ha med?

– Seg sjølve! Me serverer mat. dei bør ha vanlege kle og gode innesko. Helst med lyse lærsoler. Det er ingen grunn til prestasjonsangst, forsikrar Opheim som brenn for å formidla dansekunsten og dansegleda.

– Påmelding?

– Neida, berre kom!

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken