«Kompani Lauritzen» vil verta spelt inn på Voss dei tre komande åra.
Dette gjeld både «Kompani Lauritzen» sesong 5, 6 og 7, og «Kompani Lauritzen: Tropp 3, 4 og 5».
Den fyrste innspelinga skjer alt til hausten og avtalen gjeld til og med innspelinga av «Kompani Lauritzen: Tropp 5» våren 2026.
– Fantastiske Voss
– Det er fantastisk at me får moglegheit til å produsera to av TV 2 sine aller største programkonsept på Voss. Dette er ein stor dag både for Voss og for TV 2, som får denne store produksjonen i vårt eige heimfylke og berre ein dryg time frå hovudkontoret i Bergen. Eg gler meg til å besøkja innspelinga når ho er i gang til hausten, seier TV 2-sjef Olav T. Sandnes.
– Eit eventyr
– «Kompani Lauritzen» har vore eit eventyr frå starten og er ein sjåarsuksess av dimensjonar. Etter å ha blitt spilt inn i Åndalsnes dei siste tre åra ynskjer me ein ny lokasjon med nye moglegheiter. Det er me sikre på at Voss og regionen vil gje oss. Samstundes ynskjer me å takka Åndalsnes og alle folka der for eit fantastisk samarbeid i åra som har gått, seier programredaktør Kathrine Haldorsen i TV 2.
– Dagens gladnyheit
– Kva skal eg seia, dagens gladnyheit. To fantastiske seriar kjem til ei fantastisk bygd. Dette må jo rett og slett vera ein perfekt match. «Kompani Lauritzen», med alle sine aktivitetar, kjem til bygda som lever av aktivitetsbasert reiseliv. På Voss vil definitiv programdeltakarane få mykje å bryna seg på. Å få fram breidda og kvalitetane Voss har som reiselivsbygd, har vore viktig motivasjon for at me i Voss herad støttar opp om å få Kompani Lauritzen til Voss, seier ordførar Hans-Erik Ringkjøb.
– Reiselivet jublar
Visit Voss og reiselivet i bygda jublar over at produksjonen av «Kompani Lauritzen» vert lagt til bygda vår.
Dette er ein unik moglegheit for oss til å få vist fram den fantastiske bygda vår.
Lokalt på Voss er dette eit stort samarbeidsprosjekt, kor mange aktørar bidreg for å få dette til, Gry Bystøl Gladheim, leiar i Visit Voss, og legg til:
– Vossingane er kjende for å vera litt halvgalne, men svært gjestfrie. Det håpar eg både produksjonen og deltakarane får kjenna på kroppen når dei kjem hit. Me står klare til å ta imot dykk, velkomne!