Skjerpa miljøkrav for cruiseskip blir utsett

Avdelingsdirektør Bjørn E. Pedersen i Sjøfartsdirektoratet. Foto: Bjørn Ivar Voll / NPK

Avdelingsdirektør Bjørn E. Pedersen i Sjøfartsdirektoratet. Foto: Bjørn Ivar Voll / NPK Foto:

Av

Frå 1.1.2019 skulle nye, skjerpa miljøkrav for skip som seglar i verdsarvfjordane tre i kraft. No er forskriftsendringane utsett i påvente av at EU skal uttala seg i saka.

DEL

– På grunn av dei tekniske krava i forskrifta er det eit krav frå EU om tre månaders høyringsfrist, seier avdelingsdirektør Bjørn Pedersen i Sjøfartsdirektoratet som forklaring på at dei skjerpa miljøkrava likevel ikkje kjem til å gjelda frå nyttår.

Det er halde to høyringsrundar i sommar og haust i samband med at det blir innført strengare reglar for utslepp i verdsarvfjordane på Vestlandet. Krava blir gradvis skjerpa fram mot 2025.

Frå første til andre høyringsrunde kom det tilleggsforslag om at drivstoff som blir nytta medan skip er i verdsarvfjordane, kan ha eit maksimalt svovelinnhald på 0,10 vektprosent. Det kom også eit forbod mot bruk av eksosvaskesystem, forbodet gjeld både opne, lukka og hybride system. I tillegg blei det lagt til eit forbod mot brenning av avfall om bord.

Sjøfartsdirektoratet kan også gi dispensasjon til eit skip som ikkje oppfyller krava med det same, men som vil innfri eit strengare krav seinast frå januar 2022.

Høyringsfristen var 10. desember.

– Me ville ha innspel så snart som mogleg. No ventar me på tilbakemelding frå EU, men forventar ikkje radikale ting derifrå, seier Pedersen, som fortel at Sjøfartsdirektoratet er i gang med å handsama tilbakemeldingane frå runde to av høyringa og å førebu den oppdaterte forskrifta om miljømessig tryggleik for skip og flyttbare innretningar.

Sjøfartsdirektoratet reknar med at forskrifta vil tre i kraft i slutten av februar 2019.

Artikkeltags