Nytt rekordår i vente for cruisehamnene

Cruise: Det er ventet enda flere anløp i 2018.

Cruise: Det er ventet enda flere anløp i 2018. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Cruisehamnene kan innstille seg på eit nytt rekordår i år, viser ein prognose som Innovasjon Noreg har laga saman med Cruise Norway.

DEL

– Vi går heilt klart eit nytt sterkt cruiseår i vente med nokså stor vekst fleire stader, seier Tor Johan Pedersen, fagansvarleg for cruise i Innovasjon Noreg, til Dagens Næringsliv.

Les også: Set cruiseturistar i land i Odda og bussar dei til Rosendal

Så langt ligg det an til 2.163 cruisanløp i norske hamner i år, mot 1.895 i fjor. Men fullt belegg kjem det 3,6 millionar cruiseturistar til Noreg i år, 18 prosent fleire enn i fjor. Pedersen trur likevel det er meir realistisk å vente seg at belegget blir litt mindre.

– Tar vi utgangspunkt i eit meir realistisk belegg på 90 prosent, vil det komme 3,24 millionar cruisepassasjerar til Noreg i år. Dette er òg ein god vekst på 6 prosent samanlikna med i fjor, seier Pedersen.

Bergen er den klart største cruisehamna og får i år besøk av rundt 659.500 passasjerar, ifølgje prognosen. Deretter følgjer Stavanger (348.600), Ålesund (321.700), Geiranger (320.000) og Flåm (280.500).

Oslo, Romsdalsfjorden (Molde, Åndalsnes og Eresfjord) og Nordfjord Olden–Loen kan venta seg oppunder 200.000 cruisebesøk kvar, viser prognosen.

I år blir det 87 anløp i Eidfjord og fire i Odda 

(©NPK)

Artikkeltags