Klimautsleppa frå reiselivet aukar – cruise aukar mest

Illustrasjonsfoto: Cruise i Odda, sommaren 2018.

Illustrasjonsfoto: Cruise i Odda, sommaren 2018. Foto:

Av

Reiselivet bidrar til meir utslepp av klimagassar, og det er utsleppa frå cruiseskip og passasjerskip som aukar mest i reiselivet, viser ein NHO-rapport.

DEL

Det norske reiselivet slepp ut 3,6 millionar tonn CO2, fortel ein rapport frå NHO Reiseliv. Rapporten, som er laga av rådgivingsselskapet Stakeholder, viser at utsleppa frå restaurantar og hotell går ned, men at dei samla utsleppa frå reiselivet auka med 31 prosent mellom 2012 og 2018, skriv Nationen.

Det er cruiseskip og passasjerskip som står for den største auken med høvesvis 46 og 49 prosent. Flyreiser utgjør likevel over halvparten av dei samla utsleppa frå reiselivet.

Administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv seier til avisa at det er verdt å merka seg at utsleppa frå cruisenæringa aukar raskt. Ho meiner det også er eit problem at næringa ikkje er del av kvotehandelssystem i EU.

– Me har nokre utfordringar knytt til cruiseskip. Det undersøkinga vår viser er at utsleppa frå cruise har auka med 50 prosent på relativt få år. Cruisetrafikken må avgrensast i mange av hamnene våre ved at kommunane set eit tak, seier Devold.

Ålesund er ein av kommunane som vurderer ein strengare politikk overfor cruisenæringa.

– Me har for lite kunnskap per no. Ålesund er glad i cruiseturistane som kjem, og det betyr ein del for handel, men me har ikkje hatt nokon ordentleg politikk på dette området. Når me frå nyttår blir nye Ålesund kommune skal me laga ein masterplan for reiseliv, seier ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap) i Ålesund til avisa.

Artikkeltags