Covid-19-pasienten i Odda skriven ut av sjukehus

Besøksforbodet ved Stord sjukehus held fram inntil vidare, samstundes som Helse Fonna folk om å vurdere i kva grad eit besøk på eitt av Helse Fonna sine sjukehus eller DPS er naudsynt.

DEL

Måndag kveld vart to av dei tre Covid 19-pasientane i Helse Fonna skrivne ut, slik at det no berre er éin pasient med påvist Covid 19 i føretaket, på Stord sjukehus. Det betyr at pasienten i Odda no er ute frå sjukehuset.

Besøksforbodet held fram, men vert fortløpande vurdert, melder Helse Fonna i ei pressemelding.

Helseføretaket ber samstundes publikum om å avgrense besøk ved føretaket sine sjukehus og DPS-ar, og minner om besøksreglane:

* Alle besøkande skal få spørsmål om mogeleg smitte og gjerast kjende med kva smitteverntiltak som skal gjennomførast ved besøk.

* Besøkande skal vere symptomfrie. Dei som er i karantene eller isolasjon, eller vore i utlandet siste 10 dagar, kan ikkje komme på besøk.

* Pasientar med uavklart Covid 19 skal ikkje ha besøk.

* Besøkstid er mellom kl 16.00 og 17.30 alle dagar.

* Besøkande må utføre god handhygiene, handvask eller spriting, når dei kjem inn på sjukehuset og når dei går inn og ut av pasientrom. Dei må informerast om å halde 1 meter avstand.

* 1 besøkande per pasient

* Besøk inntil 30 minutt på fleirsengsrom

* Besøk inntil 1 time på enkeltrom

* Unntak kan gjerast dersom det er strengt nødvendig.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken