Coop Hordaland skifter leverandør - skal få brød fra Hardanger

Hardanger Bakeri blir frå fredag einaste leverandør av dagsferske brød til Coops butikkar i Hardanger- og Voss-området.

DEL

- Vi er svært takksame for at Hardanger Bakeri hjelper oss og trår til slik at kundane våre får eit stort utval dagsferske brød og bakarvarer i butikk, seier Øystein Kahrs, administrerande direktør i Coop Hordaland i ei pressemelding.

Hardanger Bakeri held til i Norheimsund.

Etter at Goman-bakeriet som leverte brød til fleire av Coops butikkar i Hordaland og Sogn og Fjordane vart stengt av Mattilsynet, har Coop Hordaland vore i samtaler med Hardanger Bakeri om ein leverandøravtale.

- Det er gledeleg å ha fått i stand avtalen med Hardanger Bakeri, og dette er ein avtale som betyr mykje for begge partar. Hardanger Bakeri er eit lokalt kvalitetsbakeri bygga på lange tradisjonar, og vi er svært glade over å få ein så sterk lokal merkevare inn i butikkane våre, seier Kahrs.

Ove Bruntveit, administrerande direktør i Baker Brun, seier avtalen er ein spennande moglegheit for Hardanger Bakeri.

- Bakarvarer frå Hardanger Bakeri er kjent for god kvalitet, godt handverk og god smak.  Vi er glade for at vi skal levere produkta våre i vår heimemarknad Hardanger, noko vi trur også kundane til Coop vil setje pris på, seier han.

Avtalen gjeld på ubestemt tid for mellom anna Coop Prix Jondal, Coop Marked Ulvik, Coop Marked Granvin, Extra Voss, Extra Husnes og Coop Prix Rosendal.

Artikkeltags