Campingvert investerer sjølv om sesongen er usikker: - Me vil sjå bløming og snødekte fjell, seier gjestene

I ein normal sesong kjem rundt halvparten av gjestene frå utlandet. I år vert det berre norske gjester på Lofthus Camping, på grunn av korona og innreiseforbod. Likevel har ikkje campingverten tenkt å leggja vekk investeringsplanane sine.