1. Tunet på BU: På bu er det stor plass til å boltra seg. Til neste år skal dei laga eit nytt Inn på tunet-hus inntil det gamle eldhuset. 2. TAMME HØNER: Dyra er ein stor del av aktivitetane på garden. Til og med hønene likar kos. 3. GRØNNSAKSDYRKING: Her er Nina ved «squashhaugen». Elevane har laga ein komposthaug med jord øvst som skal vera supert for squashplaner. 4. GARNNØSTE: Garnøsta er frå eige ull og ulla er farga med forskjellige planter.

Velkomen «Inn på tunet» på Bu

Som utdanna pedagog med mange år i skuleverket, sakna Nina Herland eit tilbod om ein alternativ skuledag for elevar som slit. Med ein gard på Bu vart «Inn på tunet» løysinga.
Publisert

På grensa mellom Eidfjord og Ullensvang ligg Bu. Ein stad som ein kanskje berre køyrer forbi, og gløymer litt at finst. Bu ser på ein måte litt annleis ut enn andre gardstun i distriktet. Jorda er store og forholdsvis flate, og her er ingen frukttre.

– Eg såg at garden kunne nyttast til noko meir enn berre ordinær gardsdrift, seier Nina Herland.

Saman med mannen Onar, bestemte dei seg for at dei ville prøva å få garden godkjend som eit Inn på tunet-tilbod og tok kontakt med landbrukskontoret i Ullensvang.

Etter kvart vart kontakt med Matmerk på Voss etablert og ein prosess for godkjenning byrja, der spesielt tryggleik er noko av det viktigaste. Prosessen med å gjera garden klar tok om lag to år, og i 2014 vart den godkjend som ein Inn på tunet-gard.

– Det viktigaste er at aktivitetane vi skal gjennomføra er trygge og fungerer godt for brukarane når dei er her, legg ho til.

Jobba som lærar

I 15 år har Nina Herland arbeida som pedagog på skule i Eidfjord, og då Herland la fram tilbodet sitt til kommunane i distriktet, viste raskt skulen i Eidfjord si interesse. Ho har no brukarar frå både mellomtrinn og ungdomstrinn i Eidfjord.

– Eg har jobba mange år som lærar og sett elevar som slit. Eg har alltid tenkt at det må kunna gå an å tilby ein alternativ skuledag til desse, slik at også dei kan kjenna på meistring, fortel ho.

For meistring er eit stikkord som står i fokus på Inn på tunet-gardane. Her meistrar nemleg brukarane andre ting enn i den vanlege skulekvardagen.

Med pedagogutdanning og eit godt kjennskap til læreplanverket har Herland klart å skapa aktivitetar på tunet der ho flettar inn læreplanmål frå både norsk, matematikk, naturfag, kunst og handverk, kroppsøving og mat og helse.

– Aktivitetane vert lagt opp etter kven som er her, og kva brukarane kan meistra, legg ho til.

Brukarane får såleis ein skreddarsydd aktivitetsplan.

Inn på tunet

Inn på tunet er velferdsteneste på gardsbruk, der tenesta vert tilrettelagt for brukaren.

Aktivitetane skal gje meistring, utvikling og trivsel, og er knytt opp til livet og arbeidet der.

Inn på tunet-garden kan gje tilbod til mange ulike brukargrupper.

Kommunane, NAV og interkommunale verksemder er sentrale kjøpargrupper.

Alle Inn på tunet-bønder har kvalitetsgodkjenning. Det vert stilt sterke krav til HMS og kvalitetskrav knytt direkte til det Inn på tunet-tilbodet garden tilbyr.

Mange dyr

I tunet på Bu finn ein både sauer, høner, kattar og hund.

– Dyra er ein sentral del av aktivitetane her på garden, og elevane får ta del i det som høyrer dyredrifta til. Dei har vore med på klipping av sau, lemming og fôring. Klapp og kos treng også dyra, både lam og høner likar det. Og så må elevane sjå til at alt ser ryddig og ordentleg ut før ein går, fortel Herland.

Elevane har også jobba med ulike tema. Dei har blant anna hatt temaet ull. Då må sauene klippast før dei har vaska og karra og farga ulla.

– Me har farga med forskjellige planter, seier Herland, før ho legg fram garnnøste i både gul, brun og grå.

Både bark frå bjørk og rogn, lav frå steinar og grankvist er brukt. Kven skulle trudd at det skulle gi så fine fargar?

Natur

Skogdrift er også ein viktig del av arbeidet på garden. Då har tre vore eit naturleg tema. På vinteren har brukarane fått vera med på veding, og dei har fått læra om typar tre og kor gamle trea er. Med ei eige sag på garden har dei kunna laga eige materiale som kan snikrast med. Blant anna har dei laga si eiga mini-Hardangerbru og benkar. Neste prosjekt vert bord og olabil. Dei har også vore med på nyplanting og har fått sett korleis trea har vakse.

– Det handlar i stor grad om at brukarane skal få ei heilskapleg forståing av natur og lokale ressursar og korleis vi kan bruke ressursane til mat og andre ting ein treng, samstundes som dei får eit fagleg utbytte, legg Herland til.

Det nye for året er grønsakdyrking. Elevane har lært om kompostering og sådd og planta grønsaker. No ventar dei berre på at grønsakene skal få veksa seg store til innhaustinga. Då kan både poteter, kvitløk, neper, grønkål, salatar og urter dragast opp frå jorda.

Til nyåret skal også eit heilt eige Inn på tunet-hus stå klart. Her skal det vera kjøkken og toalettfasilitetar, samt eit pauserom.

– Eg trivst veldig godt med dette. Det er spanande og inspirerande å sjå korleis brukarane si trivsel og meistring av ulike oppgåver veks, seier Herland.

Artikkeltags