Fleire borgarlege enn kyrkjelege vigslar i 2018

Laila Björk Sveinsdóttir og Dag Endre Opedal vart vigsla av ordførar Roald Aga Haug den 18. august 2018 i museumshagen i Folgefonngata i Odda.

Laila Björk Sveinsdóttir og Dag Endre Opedal vart vigsla av ordførar Roald Aga Haug den 18. august 2018 i museumshagen i Folgefonngata i Odda. Foto:

Av

For første gong nokosinne var det i fjor fleire som gifta seg borgarleg enn som gifta seg i kyrkja. Over 400 fleire valde borgarleg vigsel.

DEL

Av dei totalt 20.950 lykkelege para som gifta seg i fjor, valde 8.050 å gifte seg borgarleg. Det er 433 fleire enn dei som gifta seg i kyrkja, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Talet på par som gifta seg i 2018 var 1.150 færre enn året før. Samanlikna med 2017 var det likevel 200 fleire som gifta seg borgarleg, og 500 færre om gifta seg i kyrkja.

Vigslar i utlandet (der ein ikkje har tal som skil mellom borgarlege og kyrkjelege seremoniar) gjekk ned med 750 til 3.500. Andre trussamfunn (som til dømes humanistisk vigsel) står for nesten 1.800 vigslar i fjor, noko ned frå året før.

Mengda likekjønna par som giftar seg låg i 2018 på omtrent same nivå som året før, 311 totalt. Det var ein nedgang i talet på kvinnelege par, og ein auke blant menn som gifta seg med menn.

I 2018 vart borgarleg vigsel eit kommunalt ansvar, før var det tinghuset eller sorenskrivar som hadde ansvaret.

Talet på kyrkjelege vigslar har gått kraftig ned sidan 2000, då heile 14.228 par gifta seg i kyrkja. Talet på borgarlege vigslar har ikkje auka tilsvarande, men gått marginalt fram dei siste åra.

Borgarleg vigsel i Hardanger i 2018, fordelt på kommunane:

Kvam herad:               20

Ullensvang herad:       16

Odda kommune:          3

Eidfjord kommune:       2

Granvin herad:              2

Ulvik herad:                   2

Jondal kommune:         0

Totalt i 2018:             45

Artikkeltags